Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2827 (2022-2023)
Innlevert: 09.08.2023
Sendt: 09.08.2023
Besvart: 15.08.2023 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren vise til at ferjeselskapa kan nekte reisande å bruke lovlege betalingsmidlar slik som pengar og bankkort, og er dette lovleg ombord i ferjer når dette umogeleg kan vere lovleg i til dømes kollektivtjenester og, er det lovleg å ta slike skyhøge gebyr for ferjereisande som ikkje har ferjeavtale?

Begrunnelse

I ein artikkel i SMP går brukarar av ferjer knallhardt ut mot skyhøge gebyrer som blir ilagt for ferjereisande dersom en ikkje har autopass eller brikke.
Utan ferjeavtale er det svindyrt å ta ferjer, i tillegg til fullpris kjem eit gebyr på 70 kr.
Gebyret er i mange tilfeller omlag like dyrt som sjølve ferjebiletten. mannskapet tar som kjent ikkje imot betaling ombord.
For kvar strekning ein tek får ein altså 70 kr i gebyr pr strekning.
Tur/retur på samme ferja blir slått ihop som eit tillegg på 70 kr, men fleire ferjesamband på ein dag fører til fleire gebyr.
Det er ulike ordningar oppretta ikring betaling, men alle ordningane forutsetter at ein har internett og brukar data.
I artikkelen kjem det fram at fleire har ikkje internett, og fleire har ikkje røyvd eit tastatur og kjem heller ikkje til å gjere dette.
Pengar er eit lovleg betalingsmiddel, bankkort det samme. At ferjeselskapa har oppretta ei ordning der det i realiteten ikkje er anledning til å kunne betale med lovlege betalingsmiddlar kan rett og slett ikkje vere lov. Enda verre blir det når skyhøge gebyr blir ilagt, der gebyra kan vere høgare enn sjølve ferjebiletten.
I dei fleste ferjer er der terminalar i kafear og liknande, der det ikkje ville vere noko problem for dei som ynskjer dette å betale for ferjeturen der. dette ville også kunne gjelde ein del turistar.
Skyttel som håndterar utsendinga av desse fakturaene begrunner dette med meirkostnadar for å hente eigaropplysningar, sende faktura, ta imot betaling, systemkostnadar, bemanningskostnadar, håndtering av returpost. Dette er sitat frå artikkelen og frå Skyttel sjølv.
Her legger altså Skyttel inn berekningar på kostnadar som slett ikkje kan holde vatn. Å rekne inn bemanningskostnadar kan til dømes umulig vere lov og eg viser der til finansavtalelova.
Slik ferjedrifta er lagt opp pr i dag, blir altså lovlege betalingsmidlar i Norge nekta å kunne brukast.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Utgangspunktet er at forbrukarar har rett til å gjere opp med kontantar. Dette er no regulert i finansavtalelova § 2-1 (tidlegare lovs § 38). Likevel gjeld det ikkje ein absolutt rett til kontant betaling på alle stadar der ei teneste vert tilboden. Det må derimot gjevast tilgang til kontant betaling på betalingsmottakaren sin forretningsstad. Det vert vist til Lovavdelingas tolkingsuttale av 12.04.2013 (Saksnummer 12/3390 EP). Etter lova kan betalingsmottakar gje nærare anvisning om betalingsmåten, dersom dette ikkje medfører vesentleg meirutgift eller andre ulemper for betalar. Det er opp til ferjeselskapa å sørge for dette.
I samband med endringar i yrkestransportlova i 2022 la Samferdselsdepartementet til grunn at forbrukaren sin rett til kontant betaling ikkje hindrar gjennomføring av elektronisk billettering på eit ferjesamband. Det vert vist til Prop. 116 L (2021-2022) pkt. 5.5.3. Endringane opnar altså for at ferjeselskapa kunne velje å utføre elektronisk billettering utan å ha ei løysning for kontant betaling på ferja.
Det kan og nemnast at både AutoPASS for ferje og AutoPASS på veg praktiserer kontantfrie betalingsløysingar.
Finansavtalelova §2-4 regulerer gebyr for bruk av betalingsinstrument og betalingsmiddel, og reglane der vart sist endra med verknad frå 1. januar 2023. I paragrafen blir det mellom anna stadfesta at gebyret ikkje skal overstige betalingsmotakars faktiske kostnad ved å skrive ut og sende rekninga.
Samferdselsdepartementet har kontakta Statens vegvesen som informerer om at dei ikkje er kjend med at dagens bruk av gebyr ikkje er i tråd med regelverket.