Skriftlig spørsmål fra Freddy André Øvstegård (SV) til arbeids- og inkluderingsministeren

Dokument nr. 15:2904 (2022-2023)
Innlevert: 17.08.2023
Sendt: 17.08.2023
Rette vedkommende: Kommunal- og distriktsministeren
Besvart: 29.08.2023 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik

Freddy André Øvstegård (SV)

Spørsmål

Freddy André Øvstegård (SV): I juni vedtok Stortinget å be regjeringen sikre at ingen mister bostøtte som følge av etterbetalingen for de årlige trygdeoppgjørene. Siden har det vist seg at AAP-mottakere som mottar etterbetaling som følge av oppgjøret, likevel kan miste bostøtte på grunn av denne ekstra summen ettersom at Nav og Husbanken ikke ser på økningen i grunnbeløpet og i AAP som etterbetalt siden det ble utbetalt i mai måned.
Mener statsråden dette er en rimelig tolkning av stortingsvedtaket til det beste for mottakerne, eller vil hun foreta seg noe?

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Svar

Sigbjørn Gjelsvik: Eg viser til stortingsvedtaket nr. 930 som lyder:

«Stortinget ber regjeringen sikre at ingen mister bostøtte som følge av etterbetalingen for de årlige trygdeoppgjørene.»

Departementet har følgd opp vedtaket i tillegg til tildelingsbrev til Husbanken av 23. juni 2023. Husbanken kan i praksis ikkje vite om ei etterbetaling frå NAV er grunna i trygdeoppgjeret eller ikkje. For å følgje opp oppmodingsvedtaket skal Husbanken sjå bort frå etterbetalingar av G-regulerte ytingar frå NAV eller kommunar, dersom etterbetalinga kjem i juni 2023 og gjeld mai 2023. Dette fangar opp dei etterbetalingane etter trygdeoppgjeret som kunne gitt utilsikta høg inntekt i juni månad, men òg nokre andre etterbetalingar. I fall etterbetalingar etter trygdeoppgjeret av ein eller annan grunn skulle kome i ein seinare månad enn juni 2023, skal Husbanken også her sjå bort frå etterbetalingar dersom søkjaren gjer merksam på det gjennom ei klage.
Når det gjeld arbeidsavklaringspengar, har NAV i hovudsak betalt ut heile ytinga for mai i løpet av mai, inkludert den auken som følgde av at G vart regulert. Det er ikkje her snakk om ein etterbetaling og det er derfor ikkje nokon grunn til å treffe særskilde tiltak i bustøtta.
Mange av AAP-mottakarane har fått avslag på bustøtte eller redusert bustøtte for mai, fordi dei fekk utbetaling for tre 14 dagars periodar den månaden. Dette er eit kjend problem, og Kommunal- og distriktsdepartement samarbeider med Arbeids- og inkluderingsdepartementet om moglege løysingar på dette.