Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren gjere greie for korleis regjeringa har teke fatt i og korleis regjeringa har tenkt å finansiere skadeverket og konsekvensane etter stormen HANS, på ein rask og effektiv måte som sørger for at kommunane og fylkeskommunane slepp unødvendig byråkratisk, heft og ressurskrevande ekstraarbeide i ei ellers vanskeleg tid?
Begrunnelse
Stormen HANS gjorde store skader på omfattande deler av vegnettet, bruer osv. i store delar av austlandet. Spesielt Innlandet vart hard råka. Øydeleggingane er av ein slik karakter at fylkeskommunane og kommunane ikkje taklar dette på eigen kjøl økonomisk. Frå regjeringa vart det varsla økonomisk hjelp via skjønnsmidlar og gjennom Statsforvaltaren. Dette er derimot begrensa midlar som er tilgjengeleg der, og dette er også betydeleg byråkratisk normalt sett.