Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren
Dokument nr. 15:3039 (2022-2023)
Innlevert: 30.08.2023
Sendt: 30.08.2023
Rette vedkommende: Fiskeri- og havministeren
Besvart: 08.09.2023 av fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran

Spørsmål
Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren leggje fram kva status er i prosjektet pr dato, og når regjeringa har tenkt å sette dette prosjektet i gang?
Begrunnelse
Stad skipstunellen har vore prioritert i lang tid, og førrige regjering prioriterte prosjektet klar for prosjektering og bygging.
Dagens regjering har gjort stikk motsatt og utsatt oppstart av dette svært viktige prosjektet.

Svar
Bjørnar Skjæran: Eg er einig med stortingsrepresentant Sve at Stad skipstunnel er eit viktig prosjekt, som høgreregjeringa valde å ikkje sette i gang. Det er samstundes nødvendig å ha god kontroll med kostnadene i store statlege investeringsprosjekt. Regjeringa har difor valt å ta ein ekstra runde på Stad skipstunnel, sett i lys av utviklinga i prosjektet, og i norsk økonomi.
Som omtalt i Prop. 118 S (2022-2023) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2023, har Kystverket utarbeidd ei oppdatert kostnads- og usikkerheitsanalyse som estimerer at kostnadsramma (P85) har auka frå 4 090 mill. kr til 7 132 mill. kroner (74 pst.) og styringsramma (P50) frå 3 450 mill. kroner til 5 652 mill. kroner (64 pst.). Det blei vidare varsla at regjeringa i lys av aukingane i kostnadsanslaga vil be Kystverket vurdere om prosjektet kan gjennomførast til ein lågare kostnad.
Kystverket har utarbeidd ein gjennomgang av moglege kostnadsreduksjonar, i tråd med omtalen i revidert budsjett. Regjeringa vil i budsjettet for 2024 orientere Stortinget om at vi vil igangsette ein anbodskonkurranse for bygging av Stad skipstunnel innanfor den kostnadsramma som Stortinget har vedtatt, justert for prisstigning.