Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til forsknings- og høyere utdanningsministeren

Dokument nr. 15:3093 (2022-2023)
Innlevert: 05.09.2023
Sendt: 05.09.2023
Besvart: 13.09.2023 av forsknings- og høyere utdanningsminister Sandra Borch

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Det er gjort imponerande arbeid over mange år for å bygge opp eit fagmiljø for desentralisert høgare utdanning i Kristiansund i Møre og Romsdal. For tida er Campus Kristiansund under bygging. Når det står ferdig i 2024, vil Kunnskapssenteret Kristiansund overta etter dagens Høgskolesenteret i Kristiansund – som har ein fast post på statsbudsjettet på 8,5 mill. NOK.
Kan statsråden forsikre om at den faste finansieringa av Høgskolesenteret i Kristiansund vil ligge fast til Campus står ferdig og det nye Kunnskapssenteret er etablert?

Sandra Borch (Sp)

Svar

Sandra Borch: Høgskolesenteret i Kristiansund har sidan 2014 fått til saman over 75 millionar kroner i tilskot over Kunnskapsdepartementets budsjett. I 2023 var tilskotet til høgskulesenteret 8,5 millionar kroner.
Eg kjem tilbake til finansieringa av Høgskolesenteret i Kristiansund for 2024 i samband med at regjeringa legg fram sitt forslag til statsbudsjett for 2024 for Stortinget 6. oktober.