Sofie Marhaug (R): Vil dei nye bevaringsstrategiane ta naudsynt omsyn til økonomi, drift og vedlikehald av dei prioriterte anlegga frå bevaringsprogrammet, slik at musea kan oppretthalda arbeidet for å forvalta desse viktige samfunnsverdiane?
Begrunnelse
Riksantikvaren sine bevaringsprogram på kulturminnefeltet er under avvikling, og i staden kjem det inn nye bevaringsstrategiar.
Innan Bevaringsprogrammet for Teknisk-Industrielle Kulturminne (TIK) er det 15 historiske anlegg som er løfta fram nasjonalt, rusta opp og utvikla gjennom dei åra bevaringsprogrammet har vore operativt. Det er investert mykje tid og midlar i anlegga, store kulturminneverdiar er sikra og viktig kunnskap er utvikla og nytta. Bevaringsprogrammet for kulturminne har på mange måtar vore særs vellukka.
Forskrift om tilskudd til teknisk-industrielle kulturminner har i dag eit eige punkt om dei 15 prioriterte TIK-anlegga under §7.
Forvaltarane av TIK-anlegga er engasjerte i prosessen for at dei nye bevaringsstrategiane skal verta gode verktøy i det vidare arbeidet med forvalting av desse kulturminna, mellom anna gjennom foreininga Norsk Industriarv.
Frå mi side, vil eg òg understreke at tre av dei 15 nasjonalt prioriterte TIK-anlegga ligg i valkrinsen min: Tyssedal kraftanlegg, Odda smelteverk og Salhus Tricotagefabrik.