Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til helse- og omsorgsministeren

Dokument nr. 15:3257 (2022-2023)
Innlevert: 26.09.2023
Sendt: 27.09.2023
Besvart: 04.10.2023 av helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Vil helseministeren sjå til at «God start»-tilbodet til fødande kvinner i Nordfjord vert gjenopna på Nordfjord sjukehus i tråd med avklaringane gjort av den Ap-leia regjeringa i 2011 om innhaldet i «Framtidas lokalsjukehus» ved Nordfjord sjukehus etter at Aps dåverande helseminister stadfesta nedlegginga av fødeavdelinga, og er helseministeren enig med Ap sin påtroppande varaordførar i Stad i at snarleg gjenopning av «God start» er nødvendig for å unngå ei ytterlegare nedbygging av kvinnehelsetilbodet i Nordfjord?

Begrunnelse

Regjeringa Stoltenberg, med helseminister frå Arbeiderpartiet, stadfesta i 2011 avgjerda i Helse Vest om å legge ned fødeavdelinga ved Nordfjord sjukehus, trass i sterke protestar frå heile regionen. Som eit alternativ til fødeavdeling, vart det oppretta ei «God start»-eining ved sjukehuset, som skulle sikre fødekvinner i Nordfjord best mogleg oppfølging før og etter fødselen i ein situasjon der det no er lang reiseveg til fødeavdelinga i Førde.
Helse Førde stengde i vår ned God Start-eininga ved Nordfjord Sjukehus, med forklaring om at dette berre var ei «sommar-stenging», men pr 26. september 2023 er eininga framleis stengt, utan at det er mulig å få ei avklaring om og når eininga vil opne att.
Arbeiderpartiet og Senterpartiet var i 2011 ansvarlege i regjering for at tilbodet til fødande kvinner i Nordfjord vart bygd ned, til sterke protestar frå Ap, Sp og alle andre lokalt. No er Ap og Sp på nytt i regjering, og pr no ser det ut til at tilbodet til fødande kvinner i Nordfjord vert ytterlegare bygd ned – trass i at Ap og Sp lokalt seier at dei kjemper for det motsette.
Det er viktig å få ei avklaring på om det er fare for ei gjentaking av den nedbygginga av helsetilbodet i Nordfjord som Ap og Sp var ansvarleg for i 2011, eller om Ap sin helseminister denne gong kan forsikre folk og kommuner i Nordfjord om at tilbodet til fødekvinner skal haldast oppe i tråd med dei langsiktige lovnadene som vart gitt av den Ap-leia regjeringa i 2011.

Ingvild Kjerkol (A)

Svar

Ingvild Kjerkol: Helse- og omsorgsdepartementet har innhentet innspill fra Helse Vest RHF, som igjen har innhentet innspill fra Helse Førde HF. Jeg gjengir Helse Førde HFs svar i sin helhet under:

«Det er korrekt at fødeavdelinga ved Nordfjord sjukehus vart lagt ned i 2011. I staden vart det oppretta ei God start-eining. Dette var ein modell som samla skulle løyse oppgåvene innan fødsel- og barselomsorg både for spesialisthelsetenesta og kommunane i Nordfjord. Samarbeidsavtalen om svangerskapstilbodet omhandla følgjeteneste, barselopphald, svangerskapspoliklinikk med rutineultralyd samt barsel- amme- og poliklinikk. Kommunane skulle løyse oppgåver knytt til svangerskapskontrollar og kontroll etter fødsel, inkludert heimebesøk. Helse Førde fekk ansvaret for følgjeteneste og poliklinikktilbud. Eininga skulle også ha nødfødestove.
Sidan fødeavdelinga nyleg var lagt ned, var det dei første åra god tilgang til jordmorressursar. Kommunen bidrog økonomisk til ordninga ved å kjøpe jordmortenester, og Helse Førde bidrog med jordmoressursar til kommunane.
Helse Førde har over lengre tid hatt vanskar med å rekruttere jordmødrer til Nordfjordregionen. Jordmormangelen, som er godt kjend på landsbasis, gjer seg også gjeldande her. Gruppa som jobba ved God start i 2011 har blitt mindre, noko skuldast avgang medan andre har reist frå regionen. Nye jordmødrer har komme til, og i periodar har det vore fleire ute i svangerskapspermisjonar. Dette har lagt press på tilbodet slik det var organisert frå starten, og situasjonen har av den grunn vorte svært utfordrande.
I 2021 starta Helse Førde og kommunane i Nordfjord (Kinn, Stad, Gloppen, Bremanger og Stryn) eit arbeid med å sjå på samarbeidsavtalane om svangerskapstilbodet. Avtalen som vart inngått etter nedlegginga av fødeavdelinga i 2011, skulle reviderast og reforhandlast. Det vart difor sett ned ei gruppe med representantar frå kommunane, Helse Førde, tillitsvalde, vernetenesta og brukarane for å sjå på korleis løyse oppgåvene og møte utfordringane til det beste for kvinnene i Nordfjord. Mandatet var å sjå på utfordringane med bemanning, og samstundes kartlegge ei løysing for ny samarbeidsavtale mellom kommunane og Helse Førde.
Helse Førde har hatt møte med jordmødrene som driv tilbodet i Nordfjord. Dei ønskte å samle tenestene slik at dei var meir robuste og samla som fagfelt. Det var svært utfordrande å drive døgnbemanning på God start og samstundes utlokalisere jordmødrer til alle kommunane.
For å nytte jordmorressursane til det beste for kvinnene i Nordfjord, laga Helse Førde eit jordmorsenter. Tenestene vart samla i lokala til God start på lokalsjukehuset på Nordfjordeid. På denne måten får kvinnene gode jordmortenester heile døgnet. Mangel på jordmødrer var likevel slik at ein ikkje kunne halde barseltilbudet ope til å begynne med.
Status per dags dato et at jordmorsenteret er i drift. Dei fleste kvinnene i regionen nyttar seg av tilbodet og er godt nøgde. Jordmødrene rapporterer om auka trivsel på jobb.
Det er utvida opningstid for svangerskapskontrollar frå klokka 08.00 til klokka 20.00, nokre syns det er av stor verdi å kunne reise til kontroll etter jobb. Det er etablert fødselsførebuande kurs som har vore svært populære. Alle har vore fullteikna. Utvida opningstid for svangerskapskontrollar og fødselsførebuande kurs er begge nye tilbod.
Det er tilbod om ammepoliklinikk. Jordmor er tilgjengeleg for konsultasjonar og spørsmål om barnet, amming, fødsel og anna 24 timar i døgnet.
Følgjeteneste er teke i vare. Det har i år vore 20 turar med følgjeteneste og ingen transportfødslar. Alle kommunar har kontaktjordmor.
Helse Førde har fått på plass ekstra leiarressurs for å etablere og utvikle jordmorsenteret, og arbeide for å oppnå den ideelle løysinga som kommunane og Helse Førde har skissert. Leiar har starta med forbetringsutdanning der vi har sett fokus på digitale løysingar for friske gravide i Nordfjord. Dette er eit spennande prosjekt med gode mogelegheiter for å utvide tilbodet, og kanskje tilby kvinnene konsultasjoner i heimen.
Helse Førde har tilsett ei jordmor frå regionen i utdanningstilling til å ta utdanning i ultralyd.
Helse Førde har ikkje stengt ned God start-eininga ved Nordfjord sjukehus. Alle tilbod har vore opne med unntak av barseltilbodet. Helseføretaket hadde i vår ikkje nok jordmødrer til å drive barseleininga. Denne blei difor steng, men dei fødande har i staden hatt tilbod om å ha barseltida ved Førde sentralsjukehusa.
Helse Førde understrekar at dei ønskjer å opne barseleininga ved jordmorsenteret snarleg, og at det ser ut som dei kan klare det. Føretaket understrekar også at dei ønskjer å desentralisere løysinga når det er råd. Dette kan bli gjort stegvis ved at dei med lengst reiseveg vert prioriterte først.
Kvaliteten på svangerskapsomsorga gitt i Nordfjord er svært god. Jordmødrene har god kontroll på rutiner både for primærhelsetenesta og spesialisthelsetenesta. Kvinnene i Nordfjord nyt difor godt av denne kompetansen.
Helse Førde ønskjer å oppretthalde det gode samarbeidet med kommunane, og arbeider stadig med å løyse utfordringane.
Så seint som torsdag 28. september var det eit møte mellom Helse Førde og kommunane. Det var det semje om å samarbeide vidare om God start for å gje eit så godt svangerskapstilbod som råd til kvinnene i Nordfjord.»

Jeg mener Helse Førde beskriver et godt tilbud i Nordfjord-regionen. Avslutningsvis vil jeg understreke at tilgang til kvalifisert personell er en utfordring flere steder. Arbeidet for å utdanne flere spesialsykepleiere, inkludert jordmødre, er i gang. Vi må også se på hvordan vi bruker fagfolkene bedre, for eksempel gjennom bedre samarbeid mellom sykehus og kommuner om jordmor-ressurser. Regjeringen har, som del av Nasjonal helse- og samhandlingsplan, satt i gang et større arbeid om det helhetlige svangerskaps-, føde- og barseltilbudet. Oppfølging av helsepersonellkommisjonen blir også en del av Nasjonal helse- og samhandlingsplan, som blir lagt fram for Stortinget.