Liv Kari Eskeland (H): Er Hurtigbåtprogrammet tenkt brukt også til drift av nullutslepps hurtigbåtar, eller er det kun tenkt inn mot utvikling, bygging eller ombygging av båtar, og om ein tenker Hurtigbåtprogrammet inn mot utvikling, og ikkje drift, kva andre tilskott kan fylkeskommunane rekne med til drift av nullutslepps hurtigbåtar, for å sikre at fylkeskommunane vel nullutsleppsteknologi til hurtigbåtkontraktar for innkjøp som skal gjerast i 2024, og som skal vare 10 år fram i tid?
Begrunnelse
Vi viser til spørsmål 15:348 (2023-2024), besvart av klima og miljøministeren 15.11.23
Viser videre til Høringsnotat det vises til, der det foreslås eit forskriftskrav for nullutslipp hurtigbåt skal gjelde frå 2025.
https://www.regjeringen.no/contentassets/edd669ae846e4dac837bed93a9fcde8d/horingsnotat-om-krav-til-nullutslipp-av-klimagasser-fra-ferjer-og-hurtigbater2287016.pdf
I sitt svar viser statsråden til at fylkeskommunane kan søke støtte til prosjekt som støtter utslippsreduserande tiltak for hurtigbåter gjennom Hurtigbåtprogrammet.
Slik vi les kriteria gjeld dette utvikling av prosjekt, og IKKJE til drift, som er det fylkeskommunane etterspør.
Vestland fylkeskommune med fleire har motteke støtte til utvikling av hurtigbåtar gjennom hurtigbåtprogrammet. Slik vi forstår kriteria er dette knytt opp mot føljande:
«Søknadene om støtte gjennom hurtigbåtprogrammet i Klimasats kan inkludere alt fra utredning av muligheter til faktisk bygging eller ombygging av båter.»
Det fylkeskommunane to treng er ei føreseieleg tilskotsordning som sikrar at ein går til anskaffelse av nullutslepps hurtigbåtar også i tida før forskrifta vert innført.