Ingrid Fiskaa (SV): USA innfører innreiseforbod for israelske busettarar som angrip palestinarar. Valden mot palestinarar på Vestbreidda har auka dramatisk etter 7. oktober, og USA legg med dette press på Israel for å dempa valdsbølga.
Vil utanriksministeren innføra liknande restriksjonar i Noreg?
Begrunnelse
Samtidig med Israels nådelause krigføring på Gazastripa, har situasjonen på Vestbreidda gått fra vondt til verre dei seinaste vekene. Israelske styrkar angrip, drep og arresterer både barn, ungdom, kvinner og menn. I tillegg ser me ein drastisk auke i vald frå busettarar. FN har rapportert om ei dobling av busettarangrep på palestinarar etter 7. oktober, inkludert drap.
USAs utanriksminister Biden kunngjorde tysdag 5. desember at USA har innført eit innreiseforbod for busettarar som «blir antatt å ha vore involvert i å undergrava fred, sikkerheit og stabilitet på Vestbreidda ved å utøva vald eller andre handlingar som unødig avgrensar sivile sin tilgang til grunnleggande tenester». Nære familiemedlemmer til slike personar kan også få innreiseforbod.
Å innføra visumrestriksjonar for busettarar på Vestbreidda er i tråd med oppfordringa i Sikkerheitsrådsresolusjon 2334 om å "skilja mellom territoriet til staten Israel og territoria okkupert sidan 1967". Ei aktiv differensiering mellom okkupert palestinsk territorium og staten Israel vil vera med på å sikra statars ansvar for overhalding av folkeretten.