Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:697 (2023-2024)
Innlevert: 13.12.2023
Sendt: 14.12.2023
Besvart: 19.12.2023 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren greie ut om det vil vere ein god ide å kunne få på plass digitale, mobile vegskilt, som beskrevet i begrunnelsen under, når kan dette kome på plass og kvifor dette ikkje er kome på plass langs norske veier i dagens teknologiske tidsalder for lenge sidan?

Begrunnelse

Svært ofte når eg er på vegane opplevere eg omfattande problemsituasjonar ikring skilting, mangel å skilting, mangel på fjerning av skilting og heilt uforståeleg skiltbruk ikring ulike vegarbeid både på fylkes, riks, samt motorvegane inn mot dei større byane.
På til dømes E-6 mot Oslo er det direkte trafikkfarlig når det brått står til dømes 50 skilt, vogntog på 50-60 tonn må bråstoppe, og ingen veit når fartsgrensene er oppheva.
Det er svært sjelden eller aldri opphevingsskilt, noko samferdselsministeren bekrefta i Stortinget i ordinær spørjetime, at skal alltid brukast.
Dette problemet ser en landet rundt, skilt vert "gløymt" igjen, står samme skiltinga i helgane når der ikkje er vegarbeide, og heilt uforståeleg skilting generelt.
Skilt blir også satt ifra seg i vegkanten og snudd, medan brøytebilar kjem bort i skiltene eller av andre årsaker slik at brått står ei enslig 50 skilt og skinner, aldeles uforståeleg.
På større nyare veier er det digitale skilt, som kan endrast slik ein ynskjer, til også å kunne gje meldingar til trafikkantane. Dette er bra, og burde i vår teknologiske tidsalder faktisk kunne føre til at fleire slike digitale skilt blir permanent sett opp.
Det som derimot manglar totalt, er flyttbare, mobile digitale skilt.
Slike skilt kan i dagens teknologijungel ikkje måtte koste så mykje, en trenger lystavle, batteri og en sender/mobil.
Operatørane på veganlegg vil med lett heit kunne styre disse skilta der skilta kan stå ute i anleggsområdet i heile anleggstida, men der ein kan slå disse på om morgonen og av etter endt arbeidsdag.
Skilta kan endrast med fartsgrense etter kvart som det blir behov for dette og fleksibiliteten er stor.
Slike digitale mobile skilt kan anten leies av selskap som kan spesialisere seg på dette eller at statens vegvesen har disse og leier disse ut til operatørane på anlegg. Det kan også vere slik at selskap kan kunne kjøpe disse sjølve.
Dette må vere svært så enkelt å kunne få til i praksis, og det er også ett problem i dag med gamle slitte skilt, som ikkje blir skifta ut og er direkte vanskelige å sjå.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Statens vegvesen opplyser at mobile digitale skilt er brukt på norske veganlegg, men i avgrensa grad. Per i dag er teknologien kostbar, og det er få slike skilt på marknaden. Etter kvart som teknologien blir meir moden og kostnadene går ned, antar dei at bruken ute på vegane vil auke.
Statens vegvesen eig ikkje utstyr som blir brukt i arbeid på norske riks- og fylkesvegar. Vanleg praksis er at dei som bruker skilt, sikringsutstyr og anna utstyr som blir brukt ved arbeid på veg, sjølve har ansvaret for å skaffe utstyret og å halde det i stand.
Det er og viktig å merke seg at det ikkje alltid er berre når det er folk som arbeider at det er naudsynt å setje ned fartsgrensa. Sjølv om det ikkje er arbeidsfolk eller maskiner i vegen, kan det ofte vere andre tilhøve på og langs vegen som gjer at fartsgrensa er sett ned gjennom eit arbeidsområde. Til dømes kan det vere utstyr og grøfter, manglande rekkverk eller anna som gjer at det av omsyn til trafikktryggleiken ikkje er forsvarleg å køyre i ordinær fart.
Statens vegvesen arbeider kontinuerleg med å gjere regelverket for arbeid ved og langs veg betre. Til dømes opplyser dei at nytt regelverk for varsling og sikring på motorveg blir lagt ut på høyring på nyåret. Vidare vil ny teknologi, som førarstøttesystem vere viktig å ta omsyn til ved skilting framover. Statens vegvesen opplyser og at dei deltek i europeisk standardiseringsarbeid om digital skilt- og anna trafikkregulering, som vil kunne leggje til rette for meir bruk av ny teknologi på dette området.