Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:784 (2023-2024)
Innlevert: 22.12.2023
Sendt: 22.12.2023
Besvart: 05.01.2024 av forsvarsminister Bjørn Arild Gram

Ingrid Fiskaa (SV)

Spørsmål

Ingrid Fiskaa (SV): Vedtaket frå 2016 om å legga ned Forsvarets verksemd ved Kjevik og flytta Luftforsvarets skolesenter til Værnes har vore kontroversielt frå starten. Framdrifta ser heller ikkje ut til å gå som planlagt, samtidig som flyttevedtaket har fått fleire negative konsekvensar.
Kva er faktisk flytta frå Kjevik til Værnes hittil?

Begrunnelse

Luftforsvarets skolesenter er avgjerande for å sikra den operative evna til F-35, som allereie har store utfordringar på grunn av mangel på flyteknikarar. Etter at vedtaket om å flytta skolesenteret til Værnes vart gjort i 2016, har fleire av føresetnadene endra seg, noko regjeringa også beskriv i forslaget til statsbudsjett for 2024. Det er mellom anna ikkje ledige areal på Værnes, og kostnadene ser ut til å bli høgare.
I tillegg har det kome fram andre negative konsekvensar av flyttevedtaket denne hausten. Det er ikkje sengeplassar til elevane ved Luftforsvarets spesialistskole på Værnes, så dei må bu på hotell til ein ukjent kostnad. 100 ungdommar som skulle avtena førstegongstenesta på Madla i staden for Kjevik fekk kontrabeskjed i siste liten og fritak for den tenesta som skulle starta på nyåret. På Kjevik er det ledige forlegningar (EBA), men på Madla var det ikkje plass til dei. Heile prosessen ser altså ut til å koma skeivt ut, og er prega av dårleg styring og planlegging.
Forsvarsministeren har tidlegare informert om at regjeringa skal koma til Stortinget med eit prosjekt knytt til behov som følgjer av flyttinga i investeringsproposisjonen våren 2024. Men hittil ser det ikkje ut til at flyttinga har kome særleg langt.

Bjørn Arild Gram (Sp)

Svar

Bjørn Arild Gram: Gjennomføringa av Stortingets vedtak om å leggje ned Forsvarets verksemd ved Kjevik og flytte Luftforsvarets skolesenter til Værnes er godt i gong. Per i dag er delar av skulesenteret sin stab lokalisert på Værnes og Luftforsvarets spesialistskule er flytta frå Kjevik til Værnes med verknad frå 1. januar 2024. I tillegg er Baseforsvarstaktisk skule, inkludert Luftforsvarets sanitetsskule, i all hovudsak flytta frå Ørland og etablert på Værnes.
Luftforsvarets skulesenter er ansvarleg for all fag- og funksjonsretta utdanning i Luftforsvaret. Alle fagskulane er difor organisatorisk underlagt skulesenteret, men fleire av skulane er lokalisert saman med dei operative luftvingane. Fagskulane i Luftforsvaret er i dag lokalisert på Værnes, Kjevik, Rygge, Ørland og Sørreisa. Med flyttinga av spesialistskulen og delar av staben på plass er hovudtyngda av utdanningsverksemda til skulesenteret flytta frå Kjevik til Værnes.
Det er fleire føresetnader som har endra seg sidan vedtaket om å flytta, og dette har ført til mangel på elevforlegningar på Værnes. Til dømes gjennomfører no HV-12 opptrening av ukrainske soldatar på Værnes gjennom operasjon Gungne, og US Marine Corps har rotasjonsbasert trening med utgangspunkt i Værnes. I ein overgangsperiode vil det difor vera naudsynt å nytta hotell for elever ved Luftforsvarets skulesenter. Regjeringa har i statsbudsjettet for 2024 sett av 240 millionar kroner dei neste tre åra til elevforlegningar på Værnes for å syta for nok forlegningskapasitet på sikt.
Regjeringa tar sikte på å kome attende til Stortinget med eit heilskapleg prosjekt knytt til behov for flyttinga frå Kjevik til Værnes i investeringsproposisjonen våren 2024.
Det har vore planlagt at den tekniske skulen skulle flyttast og Kjevik leggjast ned innan utgangen av 2025. Nyaste prognosar visar at undervisningsbygg for den tekniske skulen vil være ferdig først i 2026, og Forsvarsdepartementet har difor gjennom tildelingsbrevet til Forsvaret for 2024 endra kravet om å leggja ned Kjevik til utgangen av 2026. Ved å utsetja flyttedatoen vil regjeringa syta for gode nok undervisningsfasilitetar på Værnes før flyttinga, og unngå å bruke mellombelse fasilitetar. I tillegg vil det gi personellet som flyttinga vedkjem ein tydeleg og avklart planhorisont. I sum vil dette bidra til at Luftforsvaret beheld kritisk teknisk kompetanse i overgangsfasen.
Etableringa av skulesenteret på Værnes vil vera eit godt grunnlag for å behalda kompetanse i Luftforsvaret gjennom høve for eit livslangt karriereløp i same region, med ei kraftsamling av operativ verksemd, fagutdanning og krigsskuleutdanning i Trøndelag.