Birgit Oline Kjerstad (SV): Ei gravid tobarnsmor av hazara folket blir utvist etter 10 år i Noreg. SV inngjekk forlik med regjeringa før jul om at foreldre til barnas beste som hovudregel skal ileggast tilleggstid istadenfor å utvisast.
Vil justisministeren be utlendigstyresmaktene om å stille denne og liknande saker i bero til regelendringa er iverksett?
Begrunnelse
Den siste tida har det vore ei rekke saker i media som omhandler utvisning av foreldre som er godt integrerte med familie og barn i Norge, og har bodd lenge i landet. Ofte meir enn 10 år. Ei av desse sakene handler om ei gravid småbarnsmor av hazara folket som var fødd i Afghanistan men har foreldre og to søsken som no bor i Pakistan. Ho kom til Norge for 12 år sidan, er gift med ein mann som kom til Norge for 20 år sidan, og har to mindreårige barn som er født og har levd heile sitt liv i Norge. UNE meiner denne mora har loge om identiteten sin, og har vedteke utvisning. UNE meiner ho burde oppgitt at ho var pakistansk. Det høyrer med til forteljinga at Hazara folket no blir forsøkt sendt tilbake til Afghanistan av pakistanske styresmakter, at folket ikkje er trygge i Pakistan og at den aktuelle kvinna ikkje har pakistanske ID- papir, men afghanske.
I grunnlova §104 andre ledd står det uttrykkelig at det som er best for barnet skal vere eit grunnleggande omsyn i offentlege avgjerder. Eit samla Baumann utvalg kom med følgande forslaget januar 2022:
«Det bør for enkelte typer av saker som hovedregel ilegges krav til tilleggstid for permanent oppholdstillatelse i stedet for utvisning, slik loven nå åpner for.»
SV fekk som del av forliket om statsbudsjett for 2024 gjennomslag for ei slik regelendring. Regelendringa skal ifølgje forliket tre i kraft i løpet av 2024.