Skriftlig spørsmål fra Tobias Drevland Lund (R) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:1355 (2023-2024)
Innlevert: 25.02.2024
Sendt: 26.02.2024
Besvart: 04.03.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

Tobias Drevland Lund (R)

Spørsmål

Tobias Drevland Lund (R): Den ekstraordinære strømstøtten knyttet til bostøtten skal fjernes fra april 2024.
Hvor mange kommer som følge av dette til å miste bostøtten?

Begrunnelse

Som følge av statsbudsjettet og det påfølgende budsjettforliket for 2024, så kommer den ekstraordinære strømstøtten knyttet til bostøtten til å fjernes fra april 2024. Pensjonistforbundet skriver på sine nettsider 8. februar:

"Midt i en alvorlig dyrtidsperiode har regjeringen videre bestemt at den ekstraordinære strømstøtten knyttet til bostøtten skal fjernes fra april 2024. Finansieringen av bostøtten kuttes fra 4,7 milliarder til 3,9 milliarder. Dette vil få store negative konsekvenser ved at enda færre får støtte, og det blir lavere ytelser til de som er vanskeligstilte".

Mitt spørsmål til statsråden er hvor mange som kommer til å rammes av regjeringens endringer i bostøtta fra og med april.

Erling Sande (Sp)

Svar

Erling Sande: Ekstraordinær straumstøtte til bustøttemottakarar har blitt utbetalt fleire gonger i perioden 2011 til 2024, og særleg gjennom dei seinaste åra med svært høge straumprisar. Desse ekstrautbetalingane har ikkje påverka reglane for berekning av bustøtte, men dei har gått til husstandar som har fått innvilga bustøtte den aktuelle månaden.
Frå og med desember 2021 blei eigendelen i bustøtta mellombels sett ned, slik at fleire kunne få bustøtte og dermed også få ekstra straumstøtte. Tiltaket blei i første omgang vedtatt for tre månadar. Det har seinare blitt forlenga i fleire omgangar. Straumprisane er ikkje lenger så høge som dei var, og den generelle straumstønadsordninga for hushald er god. Da er det på tide å kome attende til ein normalsituasjon, og bustøtta blir berekna ut frå ordinært regelverk frå og med støtta for april 2024, som blir utbetalt i mai. Dette fører til at om lag 25 000 husstandar som fekk bustøtte for mars med utbetaling i april, vil få avslag på søknaden for april og dermed inga utbetaling i mai. I snitt har desse fått ei månadleg utbetaling på om lag 800 kroner. I tillegg vil om lag 43 000 husstandar framleis få bustøtte, men få redusert utbetalinga med i snitt om lag 700 kroner per månad. Når vi er tilbake på det ordinære regelverket, ventar departementet at i snitt om lag 90 000 husstandar vil få bustøtte kvar månad.