Skriftlig spørsmål fra Birgit Oline Kjerstad (SV) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:1872 (2023-2024)
Innlevert: 25.04.2024
Sendt: 25.04.2024
Rette vedkommende: Digitaliserings- og forvaltningsministeren
Til behandling

Birgit Oline Kjerstad (SV)

Spørsmål

Birgit Oline Kjerstad (SV): Justis- og beredskapsdepartementet sende forslag til nye regler i forskrift om Pass og ID -forskrift på høyring i mars, 2022, korleis går det med arbeidet, og når kan vi vente at regjeringa kjem med ei ny forskrift som sikrer at alle som oppheld seg i landet får ein gyldig elektronisk ID som gir tilgang til grunnleggande tenester dei har rett på i Norge?

Begrunnelse

Norge er i ferd med å bli eit heildigitalt samfunn. Samtidig veks det fram eit digitalt utanforskap som fører til store praktiske hindringar i kvardagen for mange. Utan e-ID er det vanskeleg å få tenester ein har rett på, og å utføre daglegdagse gjermål som å ha ein bankkonto, betale ei rekning, kjøpe ein billett, eller få kjøpe livsnødvendig medisin på eit apotek. På Kommunal og forvaltningskomiteen si høyring av Integreringsmeldinga i Stortinget 23 april advara fleire ideelle organisasjonar mot eit veksande digitalt utanforskap Til dømes oppheld det seg opp mot 200 000 arbeidsinnvandrarar frå EØS land med d- nummer utan e-ID med biometrisk kobling i Norge. Mange av desse opplever store praktiske vanskar i kvardagen på grunn av digitalt utanforskap. Desse er svært sårbare og utsette for å bli offer for arbeidslivskriminalitet med lønstjuveri og svindel med ID. Skatteetaten og arbidstilsynet har stort arbeide med å avdekke slik kriminalitet så lenge det ikkje er kome på plass ei e- ID ordning med kobling til biometri. Asylsøkjarar som har lovleg opphald men som ikkje har greidd å dokumentere sin identitet og såleis lever som «papirlause» i samfunnet er også svært utsette. Problemet gjeld også personar som blir fråteke reisebevis på grunn av at det er opna sak om tilbakekall. Sivilombudsmannen har eksempel på at det kan gå lang tid frå det er opna tilbakekallsak til denne er avslutta, og at det er eit stort behov for denne gruppa å ha ein norsk e-ID i ventetida så dei kan greie seg med nødvendige gjeremål i kvardagen.

Svar

Svaret er ennå ikke tilgjengelig