Alfred Jens Bjørlo (V): Nordfjord Sjukehus er av Ap og Sp i regjering, med noverande statsminister som helseminister, blinka ut som ein nasjonal modell for «Framtidas Lokalsjukehus». Eitt sentralt element i modellen er ein skadepoliklinikk som behandlar pasientar med mindre alvorlege skadar og kirurgiske lidingar som kan avklarast og eventuelt behandlast lokalt.
Er helseministeren samd i at skadepoliklinikken er eit sentralt element i den nasjonale modellen for «Framtidas Lokalsjukehus» for å sikre eit fullgodt akuttilbod for befolkninga i Nordfjord?
Begrunnelse
Då Ap og Sp sist sat i regjering (2005-2013), vart ortopedisk avdeling og fødeavdelinga ved Nordfjord Sjukehus lagt ned. I staden ga Ap/Sp/SV-regjeringa Helse Vest i oppdrag å utvikle ein nasjonal modell for «Framtidas Lokalsjukehus» ved Nordfjord sjukehus, med øyremerka midlar løyvd til dette.
Modellen for «Framtidas Lokalsjukehus» vart utvikla i perioden 2011-2013, jmf sluttrapport frå mars 2013, og implementert ved Nordfjord sjukehus bygd på tilrådingane og føringar frå regjeringa Stoltenberg, mellom anna i eit eige brev om Nordfjord sjukehus si framtid stila til Helse Vest frå dåverande Helseminister Jonas Gahr Støre (Ap) i 2013, der Støre m a skriv følgande:
«Modellen som er føreslått for Nordfjord sjukehus inneber eit sjukehus med indremedisinsk døgntilbod, skadepoliklinikk, eit breitt dagbehandlingstilbod, utvida og nye polikliniske tenester, psykisk helsevern og rusbehandling, ei «God Start»-eining og støttetenester.»
Skadepoliklinikken er som Helseminister Støre her understrekar eit sentralt element, ikkje minst fordi Nordfjord sjukehus ikkje lenger har ei ortopedisk avdeling slik andre sjukehus som hovudregel har. Skadepoliklinikken har to hovudfunksjonar; akutthjelp og kontrollar etter operasjon eller skadar. Det er også viktig å merke seg at dei ulike elementa i modellen heng nøye saman – og at dersom eitt eller fleire av elementa vert fjerna, vil heile modellen fort «falle saman».
Helse Førde har nyleg varsla at dei vurderer å legge ned skadepoliklinikken ved Nordfjord Sjukehus. Etter underteikna si vurdering er det ikkje berre svært uheldig for befolkinga og samfunnstryggleiken i Nordfjord – meng også eit krystallklart brot med den samla modellen for Framtidas Lokalsjukehus i Nordfjord som Ap og Sp i regjering fekk på plass i 2011-13 som ei alternativ løysing etter at Ap og Sp i regjering sto ansvarleg for nedlegging av ortopedisk avdeling og fødeavdelinga ved sjukehuset.
Når Ap og Sp på nytt sit i regjering, legg eg til grunn at Helseministeren umiddelbart vil klargjere overfor Helse Vest/Helse Førde at modellen for «Framtidas Lokalsjukehus» skal ligge fast, og at ikkje folk i Nordfjord endå ein gong skal oppleve at Ap og Sp i regjering gir grønt lys for nedbygging av helsetilbod og kvardagstryggleik for folk i Nordfjord.