Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:2296 (2023-2024) Innlevert: 14.06.2024 Sendt: 14.06.2024 Rette vedkommende: Kommunal- og distriktsministeren Besvart: 21.06.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande
Liv Kari Eskeland (H): Kommunalminister Erling Sande uttalte på NRK Sogn og Fjordane 13. juni at Høyres alternativ til NTP 2025-2036 vil bety dobling av ferjeprisene langs hele kysten. Han sier at rabatten som er innført skal tas bort og at alle som har hatt gratis ferje skal betale full pris, med Høyres alternativ. Er statsråden enig i denne beskrivelsen ut fra det som er lagt inn i Innst. 439 S (2023-2024) fra transportkomiteen om Nasjonal transportplan 2025-2036?
Erling Sande: Eg er glad for spørsmålet og moglegheita til å tydeleggjere delar av uttalen min til NRK Sogn og Fjordane 13. juni. Bakgrunnen for uttalen var at Høgre, saman med fleire av dei andre opposisjonspartia, i sitt arbeid med ny Nasjonal transportplan lova satsing på ei rekkje nye store og dyre samferdselsprosjekt, utan å presentere ei semje om korleis desse prosjekta skal finansierast. Mellom anna foreslår partia ei stor jernbanesatsing på austlandet på fleire titals milliardar kroner utover den satsinga regjeringa foreslo. Eg meiner at Høgre er med på å skape uvisse når partiet ikkje seier kor pengane til dei nye satsingane skal takast frå. Både partiet Høgre og partiet Venstre peikar på kutt i ferje som ei inndekning for dei nye store samferdsleprosjekta. Det er også kutt i ferjer som Liv Kari Eskeland viser til at Høgre legg opp til, i sine uttalar til NRK 12. juni. Ferja er livsnerven i samfunnet mange stader, og gratis ferje er eit viktig tiltak for å lette kostnadene for folk og næringsliv i distrikta. Det er over 70 ferjesamband over heile landet som er omfatta av ordninga med gratis ferje, og Høgres forslag om å fjerne ordninga vil derfor gjere reisekvardagen dyrare for mange. Det er ein forskjell på partiet Høgre og partiet Venstre si innretning av kutt til ferjene. I sine alternative statsbudsjett for 2024 kuttar Høgre 235 millionar kroner, medan Venstre kuttar 613 millionar kroner. Det kan altså sjå ut som at der Høgre rettar kutta inn mot gratisferjer, vil partiet Venstre sitt forslag også måtte føre til auka ferjeprisar. Partiet Høgre har gjennom denne stortingsperioden i tillegg foreslått kutt i rammene til fylkeskommunane, men det er sjølvsagt umogeleg å seie om dette ville ramma ferjer og andre delar av kollektivtilbodet, eller om fylkeskommunane, dersom Høgre hadde fått fleirtal for dette, hadde tatt kuttet innan fylkesveg, vidaregåande skular eller på andre område. Det er derfor ikkje grunnlag for å seie at Høgre sitt forslag vil gi ei dobling av ferjeprisane på dei sambanda som ikkje er gratis i dag, eller at dei som har hatt gratis ferje skal betale ferjetakstar på same nivå som før takstane vart redusert. Eg ser at eg kunne vore tydelegare på Høgre og Venstre sine to ulike måtar å bygge ned ferjetilbodet til kystbefolkninga på, men vil likevel peike på at begge desse måtane å redusere tilbodet på ville hatt negative konsekvensar for folk og næringsliv langs kysten. Og med Høgre sitt forslag vil dei som i dag er omfatta av ordninga med gratis ferje igjen måtte betale for ferjeturane, og det vil både innbyggarar og næringsliv som er avhengige av desse ferjesambanda merke. I spørsmålet viser Eskeland til innstilling 439 S (2023–2024) frå transportkomiteen om Nasjonal Transportplan 2025–2036. Eg registrerer at dei to partia her skisserer andre forslag til kutt i ferjene. Denne innstillinga er imidlertid lagt fram i etterkant av mine uttalar og var ikkje tilgjengeleg informasjon då eg gav intervju til NRK. Difor var det naturleg for meg å ta utgangspunkt i partia sine framlegg til statsbudsjett for inneverande år.