Skriftlig spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:2458 (2023-2024)
Innlevert: 30.06.2024
Sendt: 01.07.2024
Besvart: 05.07.2024 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Vil statsråden ta initiativ til gransking av saka om lovbrudd mot noen av landets mest sårbare barn?

Begrunnelse

Eg viser til svar på spørsmål 15:2250 om enkeltvedtak knytta til vedtak om strengt fortrolig adresse. Statsråden skriver mellom anna: Det er sjølvsagt veldig alvorleg og uakseptabelt, og det må ta slutt.
Det er også interessant å se om hvor langt tilbake i tid avgjørelser om strengt fortrolig adresse i barnevernet har blitt praktisert som beslutninger og ikke vedtak. Hva vil departementet gjøre for å finne ut av det. Skal tidligere lovbrudd mot noen av landets mest sårbare barn granskes.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Barn og familiar skal ha god rettstryggleik, og det skal vere effektive tiltak for å beskytte barn som er utsett for truslar.
På bakgrunn av artiklane til Aftenposten har eg tatt initiativ til endringar og at praksis blir gjennomgått. Bufdir har oppdatert sitt saksbehandlingsrundskriv, og det kjem no tydeleg fram at avgjerder om sperra adresse er enkeltvedtak som skal følgje saksbehandlingsreglane i forvaltningslova, og at Statsforvaltaren er klageinstans. Dette rettar opp uklarleikar om saksbehandlingsreglane og klagemoglegheiter. Vidare er statsforvaltarane orienterte om oppdateringa i eige brev frå Bufdir, og er bedne om å sikre at alle barnevernstenester er kjende med ansvaret sitt og saksbehandlingsreglane for skjult og sperra adresse som tryggingstiltak. Slik er kommunar godt informert om situasjonen og kan gå gjennom sine saker, for å så sjå til at saksbehandlinga er korrekt.
Eg har også hatt møte med Helsetilsynet om funna, og dei vil be alle Statsforvaltarane om å undersøke praksisen i kommunane. Eg vil ha kontakt med Helsetilsynet om status for arbeidet og eventuelle funn som blir gjort. Eg er kjend med at fleire kommunar allereie har gjennomgått eller er i gang med å gjennomgå sin praksis og sine saker. Det er vidare fleire andre arbeid i gang av betydning for saksfeltet. Det kjem mellom anna ei ny nasjonal rettleiing om trusselutsette barn i barnevernet våren 2025, det har nett vore på høyring forslag til lovendring som vil gi barnevernstenesta ei plikt til å informere politiet når det er beslutta adressesperre, og NOVA skal levere ein rapport til hausten. Rapporten vil gje oss ny kunnskap og vera eit viktig grunnlag for å vurdere enda fleire tiltak.
Eg vil sjå på regelverket rundt vedtak om fortruleg og strengt fortruleg adresse i barnevernet. Eg vil også ha møte med Kripos og politiet om behov for endring i regelverk og om styrka samarbeid mellom politi og barnevern i slike saker.
I lys av det som no skjer og er planlagt framover, meiner eg det er for tidleg å fastslå at det vil vere riktig med ei gransking av sakene tilbake i tid. Som varsla i mitt svar på spørsmål nr. 2250 vil eg sjå nærare på heile saksfeltet. Dette arbeidet må skje i samarbeid med fleire departement. Vi vil gå gjennom dagens system og tiltak og vurdere kva for nye tiltak som trengs for å gje barna nødvendig vern og rettstryggleik. Som ein del av dette vil det vere relevant å sjå på dei ulike styresmaktene sine roller og oppgåver, og kva for slags krav det skal vere til prosessane med å vurdere tryggleiken til barna.