Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:921 (2024-2025)
Innlevert: 20.01.2025
Sendt: 20.01.2025
Besvart: 28.01.2025 av helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre

Lisa Marie Ness Klungland (Sp): På kva måte vil arbeidsmetoden til Statens undersøkingskommisjon for helse- og omsorgstenesta vidareførast ved ein sammenslåing av Statens helsetilsyn (Helsetilsynet) og Statens undersøkingskommisjon for helse- og omsorgstenesta (Ukom), og på kva måte vil statsråden bidra til å sikre at arbeidsplassane i Stavanger bevares og eventuelt blir fleire?
Regjeringa har sendt på høyring eit forslag om å oppheva lov om Statens undersøkingskommisjon for helse- og omsorgstenesta. Bakgrunnen for opphevinga er eit forslag om å slå saman Statens helsetilsyn (Helsetilsynet) og Statens undersøkingskommisjon for helse- og omsorgstenesta (Ukom). Arbeidsstaden er i dag lokalisert i Stavanger. Arbeidsmetoden til Ukom er anerkjend, og dei har blant anna høve til å sjølvstendig vurdera kva alvorlege hendingar og alvorlege forhald som skal undersøkast.

Jan Christian Vestre: Det opparbeidde fagmiljøet i Ukom skal vidareførast og arbeidsplassane skal bli i Stavanger.
Bakgrunnen for forslaget om samanslåinga av Statens undersøkelseskommisjon for helse- og omsorgstjenesten (Ukom) og Statens helsetilsyn er Varselutvalet sin rapport frå 12. april 2023, der utvalet einstemmig har foreslått ei ny meldeordning for alvorlege hendingar i helse- og omsorgstenesta. Forslaget om ei ny meldeordning har vært på høyring fram til 20. januar.
Intensjonen er at den nye meldeordninga i større grad enn dagens varselordningar skal bidra til:
• Læring og forbetring i heile tenesta.
• Betre pasienttrygging gjennom meir førebygging av alvorlege hendingar.
• Betre ressursutnytting.
• Tryggleik i å melde alvorlege hendingar.
Høyringa er nå ferdig og departementet vil arbeide med å gjennomgå høyringsinnspela.