Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Sveinung Rotevatn (V) til utenriksministeren

Dokument nr. 15:1092 (2024-2025)

Innlevert: 04.02.2025
Sendt: 05.02.2025
Besvart: 12.02.2025 av utenriksminister Espen Barth Eide

Sveinung Rotevatn (V)

Spørsmål

Sveinung Rotevatn (V): Kor mange av dei uteståande EU-rettsaktene som skal takast inn i EØS-avtalen har regjeringa utarbeida posisjonar til?

Begrunnelse

Drøye 600 rettsakter står på vent for å bli tatt inn i EØS-avtalen. Før dette kan skje, vurderer regjeringa om den enkelte rettsakta er å rekne som EØS-relevant, slik Noreg ser det, om regjeringa støttar å ta den inn i EØS-avtalen, og eventuelt om ein vil jobbe for særskilte tilpassingar før dette blir gjennomført. Eg ber om ei oversikt over kor mange av dei uteståande rettsaktene i EØS-etterslepet regjeringa har utarbeida posisjonar til, og kva posisjonane er.

Espen Barth Eide (A)

Svar

Espen Barth Eide: Det såkalla EØS-etterslepet omfattar i dag litt over 600 rettsakter. Dette talet endrar seg stadig ettersom nye forordningar og direktiv som er EØS-relevante, fortløpande blir gjeldande i EU, og ettersom nytt EØS-relevant regelverk blir teke inn i EØS-avtalen. Nye norske posisjonar på dette regelverket blir òg fortløpande utarbeidde og kan òg endre seg i dialogen med EU og EØS/EFTA-partnarane våre, Island og Liechtenstein. Per i dag har regjeringa utarbeidd posisjonar på omlag 250 av dei rettsaktene som enda ikkje er innlemma i EØS-avtalen.
Det er vedlagt ei oversikt i tabellform over dei rettsaktene dette gjeld. Dei er inndelte etter fagområde, rettsaktnummer (celex), dato for ikraftsetjing i EU og norsk posisjon. Nærmare informasjon om kvar einskild rettsakt og norske posisjonar får ein ved å søkja på rettsaktnummeret (celex) på regjeringa.no og Europalov.no. Dersom det er behov for meir informasjon enn den som finst der, må ansvarleg fagstatsråd kontaktast.