Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Liv Kari Eskeland (H) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:1356 (2024-2025)

Innlevert: 21.02.2025
Sendt: 24.02.2025
Rette vedkommende: Næringsministeren
Besvart: 03.03.2025 av næringsminister Cecilie Myrseth

Liv Kari Eskeland (H)

Spørsmål

Liv Kari Eskeland (H): På et seminar om grønt skipsfartsprogram i regi av KLD, kom det fram at det er alt for enkelt for offentlige aktører å gripe til unntaksbestemmelsene om miljøvekting på 30 % i offentlige anbud.
Kva vil statsråden gjere med dette?

Begrunnelse

Cecilie Myrseth (A)

Svar

Cecilie Myrseth: Dei nye reglane om klima og miljø i offentlege innkjøp trådde i kraft 1. januar 2024. Formålet med dei nye reglane er å redusere klimaavtrykket eller miljøbelastninga frå offentlege innkjøp. Den nye hovudregelen er at oppdragsgivar skal gje klima- og miljøomsyn minimum 30 prosent vekt ved offentlege innkjøp.
Eg var ikkje til stades på seminaret om grønt skipsfartsprogram i regi av KLD, og kjenner derfor ikkje til bakgrunnen for påstanden om det er for enkelt å nytte unntak frå hovudregelen om 30 prosent vekting i offentlege innkjøp. Hovudregelen har unntak som er ulike i sin karakter og vert nytta i ulik utstrekning.
Oppdragsgivar kan erstatte 30 prosent vekting av klima- og miljøomsyn i tildelingskriteria, med klima- og miljøkrav til ytinga (i kravspesifikasjonen), dersom det er klart at det gir ein betre klima- og miljøeffekt. Oppdragsgivar må grunngi dette i innkjøpsdokumenta. Om unntaket vert brukt riktig, vil det vere i tråd med målsettinga om å redusere innkjøpet sitt samla klimaavtrykk eller miljøbelastning.
Plikta til å stille krav eller kriterium gjeld ikkje dersom innkjøpet etter sin art har eit klimaavtrykk eller ei miljøbelastning som er uvesentleg Oppdragsgivar må grunngi dette i innkjøpsdokumenta. Unntaket inneber at oppdragsgivar kan sette ressursane sine inn på å finne fram til gode krav og kriterium der det har størst effekt, altså i dei innkjøpa der klimaavtrykket og miljøbelastninga ikkje er uvesentleg.
Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) gjennomfører analysar av konkurransegrunnlag ved hjelp av kunstig intelligens for å skaffe ei overordna oversikt over korleis klima- og miljøomsyn vert ivaretatt i offentlege innkjøp. Analysane viser ein tydeleg auke i klima- og miljøomsyn i offentlege innkjøp frå 2023 til 2024. Totalt har ein i 2024 vekta klima- og miljø med minst 30 prosent, eller brukt klima- eller miljøkrav, i rundt 70 prosent av innkjøpa. Tilsvarande tal for 2023 var rundt 50 prosent. Andelen innkjøp utan nokon form for klima- og miljøomsyn er i same periode redusert frå i underkant av 40 til rundt 25 prosent. Dette tyder på at klima- og miljøregelen har ført til auka klima- og miljøfokus i offentlege innkjøp. Regelen er relativt ny, og eg følgjer utviklinga tett, blant anna for å vurdere om unntaka vert nytta i tråd med intensjonen og føremålet med regelen.
Regjeringa har sett ned eit utval som har foreslått ein ny lov om offentlege innkjøp, blant anna nye reglar om klima og miljø, i NOU 2023: 26 Ny lov om offentlige anskaffelser — Første delutredning og NOU 2024: 9 Ny lov om offentlige anskaffelser — Andre delutredning. Nærings- og fiskeridepartementet arbeider med å følgje opp utvalet sine anbefalingar, og vil leggje fram endringar i lov om offentlige anskaffelser.