Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:1427 (2024-2025)
Innlevert: 28.02.2025
Sendt: 28.02.2025
Rette vedkommende: Fiskeri- og havministeren
Besvart: 07.03.2025 av fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss

Liv Kari Eskeland (H): Kva tid vil lokalisering av obligatorisk småbåtregisteret bli avklart i regjering?

Marianne Sivertsen Næss: Det er anslagsvis 1 million fritidsbåtar i Noreg, og talet på omkomne i samband med fritidsfartøy viser at arbeid med sjøsikkerheit er særs viktig. Dette inkluderer mellom anna haldningsskapande arbeid og bevisstgjering om regelverket som finst. Det blir derfor kontinuerleg arbeidd med tiltak for å betre sjøsikkerheita. Mellom anna er obligatorisk registrering av småbåtar eitt av mange tiltak som er til vurdering.
Sjøfartsdirektoratet har, på oppdrag frå Nærings- og fiskeridepartementet, Klima- og miljødepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet, gjennomført ei utgreiing av om det bør opprettast eit nasjonalt obligatorisk småbåtregister. Innretninga og drift av eit slikt register skulle også vurderast nærare. Oppfølginga av utgreiingsoppdraget blei gitt til Sjøfartsdirektoratet, som leverte si utgreiing i to delar i 2023.
Utgreiinga viser at eit obligatorisk småbåtregister reiser fleire komplekse problemstillingar som må vurderast nærare; mellom anna kva fritidsbåtar som skal omfattast, korleis eit register skal driftast og finansierast, om det bør driftast av ein privat eller offentleg aktør, og kvar det bør plasserast.
Dette er problemstillingar som framleis er under vurdering. Eg kan derfor ikkje seie noko nærare om regjeringa vil følgje tilrådinga til Sjøfartsdirektoratet på noverande tidspunkt, og det er derfor for tidleg å seie noko om eventuell geografisk plassering av eit obligatorisk småbåtregister.
Eg understrekar likevel at arbeid med tiltak som kan betre sjøsikkerheita er viktig og prioritert.