Birgit Oline Kjerstad (SV): I ei pressemelding 17. mars 2025 opplyser Arbeids og inkluderingsdepartementet at 92 prosent av dei som tok statsborgerprøva greidde prøva. Dermed var det 8 prosent som ikkje fekk bestått.
Veit departementet noko om kvifor desse ikkje greidde prøva, kva var kjønnsfordelinga, og blir det forska på kva det er som er årsaka at somme ikkje greier prøva?
Begrunnelse
Eg viser til AID si pressemelding 17 mars der det blir opplyst om at 92 prosent av dei som tok statsborgerprøva i 2024 bestod denne. Det vert opplyst om at talet på dei som greier prøva jamt over er høgt, og at det er ein positiv trend og at resultata jamt over er gode.