Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Liv Kari Eskeland (H) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2256 (2024-2025)

Innlevert: 20.05.2025
Sendt: 21.05.2025
Besvart: 27.05.2025 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Liv Kari Eskeland (H)

Spørsmål

Liv Kari Eskeland (H): Kor mykje antas det at Norges bompengeselskaper taper pr år på at ikkje EETS-direktivet for tilrettelegging og utveksling av opplysninger mellom medlemslandene om manglende bompenger, er implementert, og hva er de antatte månedsvariasjonene?

Begrunnelse

Svaret kan oppgis som eit grovt antatt estimat.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Passeringar i bomstasjonane med køyretøy som er registrert i utlandet, har dei siste åra vore på om lag 2,2 - 2,3 prosent av dei totale passeringane. I 2024 var det totalt om lag 26 millioner passeringer med utenlandsregistrerte kjøretøy.
For køyretøy utan Autopass/brukaravtale er det naudsynt med tilgang til køyretøyregistera i dei enkelte landa for å kunne sende rekning til eigar av køyretøyet. Dette manglar per i dag for mellom anna Tyskland medan det vart gitt tilgang til køyretøyregister i Nederland i 2024.
Frå 1. mai i år har også bompengeselskapa kunna krevje inn eit gebyr (gjennom eit påslag på fakturaen til eigar) for søk etter eigaropplysningar i ‘opne’ utanlandske køyretøyregister som krev slikt gebyr. Det er venta at dette vil auke inntektene frå køyretøy registrert i utlandet, fordi det da vil vere rekningssvarande for bompengeselskapa å be om desse opplysningane også for dei køyretøya som har få bompasseringar.
Statens vegvesen har opplyst at det totale rekna tapet for køyretøy i både takstgruppe 1 og takstgruppe 2 for alle bompengeselskapa grunna manglande tilgang til utanlandske køyretøyregister, var på om lag 140 mill. kr i 2023 – noko som utgjer om lag 1 pst. av dei samla passeringsinntektene.
Oppdaterte tal for 2024 vil vere klare innan 1. september i år. Bompengeselskapa rapporterer om slike tap årleg, og det blir ikkje henta inn opplysningar per månad.