Skriftlig spørsmål fra Liv Kari Eskeland (H) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2446 (2024-2025)
Innlevert: 06.06.2025
Sendt: 06.06.2025
Besvart: 13.06.2025 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Liv Kari Eskeland (H)

Spørsmål

Liv Kari Eskeland (H): Det er brei politisk enighet om arbeidet for meir saumlaus mobilitet, og det er fleire prosessar i gong.
Kan statsråden gi ein status for arbeidet med ny nasjonal lovgiving for saumlaus mobilitet, seia noko om når eit lovforslag kan ventast, og gjera greie for korleis sektoren skal involverast undervegs i arbeidet?

Begrunnelse

Jernbanedirektoratet tilrår i svar på oppdrag 05-2024 at det blir utvikla ny nasjonal lovgiving for å byggja opp om nasjonale mål for saumlaus mobilitet. Det blir skissert i rapporten at ny regulering skal vera på plass i 2026. I 2024 sende også Entur eit forslag til regelverksendringar til Samferdselsdepartementet. Jernbanedirektoratet jobbar no med ei utgreiing av ny finansieringsmodell og samhandlingsmodell for digitale tenester for saumlaus mobilitet.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Det er satt i gang fleire ulike prosessar som omfattar regelverk for saumlaus mobilitet. Eg ynskjer at dette arbeidet samla sett skal gi eit heilskapeleg rammeverk for gode, samanhengende og attraktive mobilitetstenester som kan gjere reisekvardagen betre for alle brukarar. Arbeidet omhandlar nytt regelverk på både lov- og forskriftsnivå. Det pågår og ein rekke ulike initiativ og prosessar i EU der Noreg bidreg aktivt med våre erfaringar og innspel for å få til gode løysingar som er i vår interesse. Desse arbeidene er omtala i Jernbanedirektoratets svar på oppdrag 5-2024, slik representanten Eskeland er inne på. Eg kan særleg nemne følgande regelverksarbeider som relevante for temaet saumlaus mobilitet:
• Arbeid med å få fram eit lovgrunnlag i jernbanelova og yrkestransportlova for handsaming av lukka data (dvs. personopplysingar og forretningsløyndomar). Dette vil gå ut på å stille opp eit balansert rammeverk for at aktørar som har data som eit resultat av at dei har sentrale oppgåver på samferdselsområdet, som t.d. Entur, skal kunne få handsame og dele dei med transportmyndigheiter og andre aktørar som kan bruke dei vidare for å utføre sine oppgåver på ein god måte, i tråd med rammene i personvern- forretningsløyndomlovgivinga. Departementet har til no involvert underliggjande verksemder i arbeidet (Jernbanedirektoratet, Statens vegvesen, Statens jernbanetilsyn og Entur), og arbeider mot at eit lovframlegg kan verte sendt på høyring i haust eller tidleg neste år, slik at nye reglar kan vere på plass i 2026.
• Departementet førebur nasjonal gjennomføring av den reviderte MMTIS-forordninga. Denne forordninga inneheld krav til datadeling for ulike mobilitetsformar slik at det skal være enkelt å bruke desse dataene vidare ved reiseplanlegging osb. Departementet førebur ein alminneleg høyring av dei nasjonale krava om gjennomføring av forordninga, og denne vil sendast ut innan kort tid, slik at forordninga kan gjennomførast når den vert tatt inn i EØS-avtalen. Nærare tidspunkt for dette er fortsatt uvisst.
• Det er satt i gang ein revisjon av det tekniske regelverket på jernbaneområdet (TSI telematic). Dette er ein særlovgiving om datadeling på jernbanen angåande billettering og ein del andre jernbanefunksjonar, som kapasitetsfordeling mv. Utkastet er for tida til handsaming i regelverkskomiteen Railway Interoperability and Safety Committee (RISC). Noreg har bidratt aktivt i å støtte opp om framlegg som er basert på same ordningar som vi har etablert i Noreg.

Eg vil og nemne at ein del relevante regelverksprosessar både nasjonalt og i EU-systemet kan berøre arbeidet som nemnt, og det er difor viktig for meg at vi tar omsyn til dette slik at vi får fram eit heilskapleg regelverk. Dette omfatter m.a. reglar om passasjerers rettigheiter, varsla regelverksframlegg om digitale multimodale mobilitetstenester og billettering for jernbane, krav til datadeling og datahandsaming osb.