Erling Sande (Sp): Kva vil statsråden gjere for å sikre meir likeverdig praksis mellom personar som har synsfeltutfall, og vil statsråden vurdere endringar i tolkinga av EU direktivet tilsvarande det Sverige har gjort som i større grad likebehandlar mennesker med eit og to fungerande auge ved vurdering etter førarkortrettleiaren?
Begrunnelse
Regjeringa har implementert helsekrav frå EU-direktiv 2009/113/ec og 2006/126/ec som omhandlar helsekrav for førerkort.
Helsedirektoratet har saman med augelege- og optikarforeningar laga ein rettleiar for handheving av direktivet. Det framstår som Norge har endt opp med ein av dei strengaste tolkningane i Europa, der heller ikkje trafikk- og interesseorganisasjoner er konsultert i utarbeidinga av førarkortrettleiaren.
Førerkortrettleiaren forskjellsbehandlar einaude og toaude sjåførar og legg ikkje vekt på køyreferdigheiter/kompetanse. Relevant forsking kan tyde at synsfeltutfall utgjer ein svært liten del av årsak til trafikkulykker, og at personar med synsfeltutfall i stor grad kompenserer med eksempelvis køyrestil og blikkrørsler. Regelverket, slik det vert praktisert, kan vere svært inngripande for individ, familiar, arbeidstakarar.