Skriftlig spørsmål fra Lisa Marie Ness Klungland (Sp) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:2469 (2024-2025)
Innlevert: 09.06.2025
Sendt: 10.06.2025
Til behandling

Lisa Marie Ness Klungland (Sp)

Spørsmål

Lisa Marie Ness Klungland (Sp): Vil statsråden be Miljødirektoratet om å endra rettleiaren for kommunale avfallsgebyr slik at kommunal avfallssektor kan drifta ombruksbutikkar?

Begrunnelse

I rettleiaren "Beregne kommunale avfallsgebyrer" som Miljødirektoratet har laga, står det følgande: "Kostnader knyttet til drift av større ombruksbutikker og lignende anses ikke som kostnader forbundet med avfallssektorene og skal ikke dekkes."
IVAR har på Lura i Sandnes bygd ein stor ombruksbutikk kalla R:Elsk. Å ta inn "avfall" og å bruka det om att er mykje betre enn å berre senda det til avfall. Her stoppar Miljødirektoratet IVAR i å gjera det via rettleiaren. Andre kommunale selskap har stoppa sine liknande prosjekt. Me kan ikkje fortsetta å snakka om sirkulær økonomi, og samtidig la fullt brukbare gjenstandar gå opp i røyk i forbrenningsanlegga. Heile 65 % av avfallet vårt blir brent.
Til trass for at IVAR har starta ombruksbutikk, ser me at interessa knytt til dei andre ombruksbutikkane i Rogaland har auka. Dette er miljøpolitikk som fungerer.

Svar

Svaret er ennå ikke tilgjengelig