Skriftlig spørsmål fra Liv Kari Eskeland (H) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2526 (2024-2025)
Innlevert: 11.06.2025
Sendt: 16.06.2025
Besvart: 20.06.2025 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Liv Kari Eskeland (H)

Spørsmål

Liv Kari Eskeland (H): Ber om å få eit anslag på tal passasjerer på FOT-rutene som knyter seg til utalandske innalands turister?

Begrunnelse

På dei små distriktsflyplassane er det ofte fulle flyavgongar på dei flya som primær er meint å skulle betjene lokalbefolkning og næringsliv. Det er difor av interesse å få eit oversyn over kor stor andel som no vert booka opp av utanlandske turistar som nyttar fly for å flytte seg mellom destinasjonane.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Widerøe, som er operatør på fleirtalet av FOT-rutene, opplyser at dei ikkje registrerer nasjonaliteten til dei reisande.
Avinor er bidragsytar til den nasjonale reisevaneundersøkinga (RVU), som er ei kontinuerleg nasjonal undersøking med føremål å kartleggje og analysere reiseaktiviteten og reisemønsteret til befolkninga. Undersøkinga blir gjennomført på oppdrag frå styresmaktene.
Avinor opplyser at det ifølgje undersøkinga for 2024 var 7,9 prosent reisande med utanlandsk bustadadresse på regionale flyruter, ein nedgang frå 8,1 pst. i 2019.