Skriftlig spørsmål fra Olaug Vervik Bollestad (KrF) til helse- og omsorgsministeren

Dokument nr. 15:2547 (2024-2025)
Innlevert: 17.06.2025
Sendt: 18.06.2025
Til behandling

Olaug Vervik Bollestad (KrF)

Spørsmål

Olaug Vervik Bollestad (KrF): Vil statsråden ta nødvendig styring for å sikre at nytt anbod på rusfeltet i Helse Sør-Øst ikkje blir gjennomført med utgangspunkt i det same behovsdokumentet som førre, der økonomi blei vektlagt 60 prosent og mangfaldet blant ideelle tilbydarar blei nedprioritert – og korleis vil han samtidig følgje opp måla i førebyggings- og behandlingsreforma om å styrkje ideelle aktørar og sikre eit reelt mangfald i rusbehandlinga?

Begrunnelse

Helse Sør-Øst må no gjennomføre ein ny anbodsrunde på fleire delytelsar innan tverrfagleg spesialisert rusbehandling, etter at dei tapte rettssaka om det førre anbodet. I dommen og evalueringsrapportar frå PwC kjem det fram alvorlege manglar i prosessen, inkludert intern uvisse og manglande forankring i fagmiljø. Det er også stor uro i feltet for at det nye anbodsgrunnlaget vil byggje på det same behovsdokumentet som førre, der økonomi blei vektlagt med 60 prosent og fagleg mangfald og ideelle aktørar blei taparar.

Samtidig har regjeringa i førebyggings- og behandlingsreforma del 1 lova ein styrkt posisjon for ideelle og eit meir mangfaldig rusfelt. For å realisere desse måla må statsråden ta styring og sørgje for at nytt anbod ikkje kopierer dei systemfeila som førte til rettsprosess, utryggleik og tap av kompetansemiljø.

Svar

Svaret er ennå ikke tilgjengelig