Skriftlig spørsmål fra Birgit Oline Kjerstad (SV) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:2583 (2024-2025)
Innlevert: 20.06.2025
Sendt: 20.06.2025
Rette vedkommende: Næringsministeren
Besvart: 27.06.2025 av næringsminister Cecilie Myrseth

Birgit Oline Kjerstad (SV)

Spørsmål

Birgit Oline Kjerstad (SV): I Rauma kommune har det lenge vore behov for å oppgradere eksisterande kaianlegg. Det er regionale, nasjonale og strategiske interesser like mykje som kommunale som gjer at det trengst.
Kan statsråden bidra til ei samordning mellom departementa slik at dei midlane som i si tid vart avsette til tømmerkaianlegg på Åndalsnes kan bli overførte til å bygge ei ro-ro kai til nytte for meir enn berre tømmer?

Begrunnelse

Sikkerheit og beredskap, både sivil og militær, er sett høgare på agendaen enn før. Logistikk og infrastruktur med vegar og alternative omkøyringsvegar og kaier som gir tilgang til sjøvegen må vere med i planane for auka tryggleik og beredskap ikkje minst i eit fjord og fjellfylke som Møre og Romsdal.
Raumabana har godsterminal nært kaiområdet på Åndalsnes. Det ligg difor svært godt til rette for å få til logistikknutepunkt mellom sjø, tog og veg i Rauma. Å få meir gods over på kjøl og bane er viktig for å få ein logistikk med mindre utslepp frå godstransport i framtida. Difor er det å satse på å ruste opp kaianlegg i Norge og i dette tilfelle på Åndalsnes viktig.
Krf fekk i si tid sett av midlar til ei tømmerkai på Åndalsnes ved bruk av skogmidlar over LMD, men det er like mykje behov for kai for andre formål. Kort kan nemnast bygging av Statnett si nye 420 kv kraftleidning frå Grytten, generell logistikk og beredskap med gods over på bane med den store eksporten frå fylket, og militær beredskap og militære øvingar. Åndalsnes er eit strategisk knutepunkt for logistikk over til austlandet via Romsdalen og Raumabanen. Den store NATO militærøvinga i 2018 avdekte behov for utbetring av kai, og eit ro-ro-kaianlegg kan verte avgjerande om alliert mottak er naudsynt. No syner det seg at grunnforholda ved prosjektert tømmerkai kan vere krevjande og det trengst nye utgreiingar i prosessen med å planlegge og bygge nytt ro-ro kaianlegg på Åndalsnes.

Cecilie Myrseth (A)

Svar

Cecilie Myrseth: I utgangspunktet er det eigarane av hamn og hamneanlegg som sjølv må finansiere utbygging av hamneinfrastruktur, og som kan vurdere å søkje om støtte ifrå dei støtteordningar som til ei kvar tid er aktuelle.
Som representanten peikar på, fekk Molde og Romsdal Havn i 2021 løyvd 15 millionar kroner til opprusting av Øran tømmerkai i Åndalsnes over ei ordning som Landbruksdirektoratet forvaltar for Landbruks- og matdepartementet. Eg har fått opplyst at prosjektet ikkje blir gjennomført og at midla vil bli trekt tilbake når arbeidsfristen går ut 30. juni 2025. Landbruks- og matdepartementet viser til at dei mest sentrale tømmerkaiane no er bygd, eller er under bygging, og at rammene for denne ordninga framover vil gå fram av statsbudsjettet for 2026.
Kystverket forvaltar ei tilskotsordning for effektive og miljøvenlege hamner. Søknader om støtte frå ordninga blir rangert etter berekna positive effektivitets- og miljøgevinstar, sett opp mot støttebeløpet det blir søkt om. Sikkerheit og beredskap er ikkje del av vurderingskriteriene.
Molde og Romsdal Hamn søkte i 2024 om støtte gjennom denne tilskotsordninga til oppgradering av Nordre kai på Øran i Åndalsnes. Søknaden fekk avslag på grunn av for låge berekna positive effektivitets- og miljøgevinstar, sett opp mot det støttebeløpet det blei søkt om.
Desse to tilskotsordningane bygger på ulikt regelverk, har ulik innretning og ulike målsetningar, og det er ikkje høve til å overføre midlar mellom ordningane.
Eg vil oppmode hamna til å søkje om midlar frå aktuelle tilskotsordningar på nytt, dersom dei har planar om å gjennomføre prosjekt som gir gode gevinstar.