Skriftlig spørsmål fra Seher Aydar (R) til helse- og omsorgsministeren

Dokument nr. 15:2635 (2024-2025)
Innlevert: 23.06.2025
Sendt: 23.06.2025
Besvart: 04.07.2025 av helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre

Seher Aydar (R)

Spørsmål

Seher Aydar (R): Gravide og småbarnsforeldre treng lett tilgang til informasjon. Difor der det utvikla ein app på oppdrag frå det offentlege - Mamma Mia - som samlar kvalitetssikra informasjon og råd. Tilsette i helsesektoren fryktar at framveksten av kommersielle appar i helsevesenet, som t.d. Nørs, bryt med gratisprinsippet, truar prinsippet om likeverdig tilgang på informasjon og skaper kjøpepress.
Deler helseministeren desse bekymringane og kva vil statsråden gjere for kome bekymringane i møte?

Begrunnelse

Gravide og småbarnsforeldre treng lett tilgang til informasjon. Nørs er ein kommersielt utvikla app for gravide og småbarnsforeldre, som i dag blir brukt av fleire kommunar i Norge. Sjølv om den mest grunnleggande informasjonen er gratis, er han reklamefinansiert, der innhaldet er tilbod, produkt og tenester målretta til gravide og småbarnsforeldre. Det er også mogleg å betale for å få tilgang på endå meir informasjon og fleire funksjonar i appen. Ulike ansattorganisasjonar i helsevesenet har uttalt at dei er bekymra for at slike appar forsterkar dei sosiale skilnadane mellom folk, og at slike kommersielle tilbod bryt med gratisprinsippet og likeverdig tilgang på informasjon. Det er også uttrykt kritikk av at helsepersonell skal tilrå ein app full av reklame og økonomiske interesser til pasientar.
Sjølv om Nørs fyller eit behov om å gje gravide og småbarnsforeldre enkel tilgang på informasjon, har tilsetteorganisasjonar i helsevesenet uttalt at denne informasjonen bør vera gratis tilgjengeleg, og kvalitetssikra av det offentlege. Ein slik app finst: Mamma Mia. Den er utvikla på oppdrag frå det offentlege. Den er heilt gratis å bruke, har lik informasjon og same funksjonar for alle brukarar, i tillegg til å vera kvalitetssikra av helsemyndigheitene. Likevel vel fleire kommunar å bruka den kommersielt utvikla Nørs-appen.

Jan Christian Vestre (A)

Svar

Jan Christian Vestre: Eg takkar representanten for spørsmålet og for at du set fokus på ei viktig problemstilling. Eg er oppteken av at velferdsstaten skal vere den beste helseforsikringa vi har i Noreg, difor er det viktig at vi har ei sterk offentleg helse- og omsorgsteneste med god kvalitet og likeverdig tilgang til kvalitetssikra helseinformasjon, uavhengig av økonomisk status.
Eg tek på alvor at det er behov for å leggje til rette for betre og kvalitetssikra informasjon til kommande og nye foreldre gjennom digitale tilbod tilpassa ulike situasjonar og fasar i ein families liv. Eg har difor i 2025 gitt Norsk helsenett og Helsedirektoratet i oppdrag å vidareutvikle eit tilbod om digital foreldrestøtte. Det digitale tilbodet samlar kvalitetssikra informasjon og råd og skal tilpassast ulike fasar i ein graviditet og i livet til ein nybakt familie. Tilbodet skal leggje til rette for betre overgang frå svangerskap og fødsel til barselstid, og skal omfatte tilpassing til ulike grupper med ulik helsekompetanse, varierande digitale ferdigheiter og ulike utfordringar. Arbeidet blir sett i samanheng med Digitalt helsekort for gravide. Vi har i mai i år starta utprøving av digitalt helsekort for gravide, og utviklar ei brukarflate på Helsenorge for dei gravide og for helsepersonell i eige journalsystem.
Eg er oppteken av at helseappar skal understøtte helsetenesta sitt mål om å bringe fleire helsetenester heim, og det er behov for å gjere tilgjengeleg og normere effektive og kvalitetssikra digitale sjølvhjelps- og behandlingsverktøy. Det blei under og etter pandemien sett i gang eit pilotprosjekt for å vurdere behovet for ei nasjonal godkjenningsordning av helseappar og anna digital innbyggjarretta teknologi. Erfaringane derfrå blir no vidareførte i helseteknologiordninga. Eg har også gitt Helsedirektoratet i oppdrag å utrede korleis ein kan leggje til rette for eit nasjonalt tilbod om informasjon, sjølvhjelp, psykoedukasjon og internettveileda behandling innan psykisk helse, ruslidingar og avhengigheit.
Eg vil avslutte med å seie at for å sikre ei berekraftig helse- og omsorgsteneste som skal halde høg kvalitet, krev det eit godt samarbeid med alle delar av helsenæringa. Mange av utfordringane vi har i vår felles helseteneste kan vi løyse med offentleg-privat samarbeid, og eg heiar fram innovasjonskrafta bak løysingar slik som den representanten viser til.