Liv Kari Eskeland (H): Gartneri og planteskular som svært ofte er avhengig av arbeidskraft utanfor EØS området, opplever lange behandlingstider på søknader, noko som kan føre til at ein misser arbeidstakarar. Dersom det som eit minimum vert vurdert å forenkle prosessen for dei arbeidstakarane som har vore i Noreg tidlegare, kunne dette ført til besparelse både for arbeidsgjevar og UDI, samt gje meir føreseielegheit for arbeidstaker.
Vil statsråden ta initiativ til ei slik forenkling?
Begrunnelse
I dag må gartneri som ønsker innleie frå land utanfor EØS området planlegge med lange horisonter og bruke mykje tid på å få tak i arbeidstakere. Minimum 4 mnd må ein rekne for å få handsame søknader hjå UDI. Dette gjeld anten personen har hatt eit arbeidsforhold hjå samme arbeidsgjevar tidlegare eller ikkje. Krav til dokumentasjon er den samme. Det synes unødvendig å måtte sende alt på nytt. Det burde vera tilstrekkeleg å sende evt endringar/tillegg, og slik sett at ein også vert underlagt ei enklare handsaming med kortare fristar hjå UDI. Det bør også vera mogleg å sende desse søknadane medan arbeidstakarane er på jobb inneverande år for neste sesong, dette vil gje føreseielegheit både for arbeidstakar og arbeidsgivar.