Olve Grotle (H): Ser finansministeren alle dei negative konsekvensane fjerning av fritaket for CO₂-avgifta for fiskerfartøy i fjerne fartøy som bunkrar i Norge vil ha for fiskeria våre og fiskeindustrien vår, bunkersstasjonane langs kysten vår og beredskapen vår, og kva vil finansministeren nå gjere?
Begrunnelse
Regjeringa har frå 1. juli fjerna fritaket for CO₂-avgift for fiskefartøy som fiskar i fjerne farvatn. Dette vil innebere at fartøy ikkje lenger kan fylle drivstoff utan avgift i norske hamner når dei skal vidare til utanlandske destinasjonar. Fritaket vil dermed berre gjelde dersom fartøyet faktisk fyller drivstoff i ei utanlandsk hamn, eller få ein bunkersbåt utanfor 12 nautisk mil frå grunnlinja.
Konsekvensane av dette vil vere svært store. Det vil ramme fiskeflåten økonomisk og redusere konkurransekrafta, og det vil kunne føre til endringa av leveringsmønsteret av fisk med negative konsekvensar for norsk fiskeindustri. Det vil ramme norske bunkersstasjonar langs heile kysten, og det reduserer beredskapen til Norge. Ein har forstått det slik at endringane har skjedd utan høyring og reell utgreiing av konsekvensar. Dette skjer også ein situasjon kor det i dag er fleirtal på Stortinget for å frita fiskeflåten for CO₂-avgift.