Erling Sande (Sp): Kva vil næringsministeren gjere for å sikre at eit eventuelt sal av Argentum ikkje fører til tap av arbeidsplassar og svekking av fondsforvaltingsmiljøet i Bergen og på Vestlandet, og kan ho garantere at hovudkontoret framleis skal liggje i Bergen?
Begrunnelse
Eg er bekymra for at Arbeiderpartiregjeringa sitt planlagde sal av Argentum vil svekke det etablerte og kompetente fondsforvaltingsmiljøet i Bergen og på Vestlandet. Argentum har levert god avkastning over tid, og det er uklart kvifor dette salet hastar. For Senterpartiet er det eit mål å byggje sterke fagmiljø også utanfor Oslo, og det er difor viktig å sikre at kompetanse og arbeidsplassar vert verande i Bergen. Eg ber næringsministeren gjere greie for korleis ho vil sikre at Vestlandet ikkje blir tapar i denne prosessen, og om det i det heile tatt er mogeleg å hindre ei slik utvikling dersom regjeringa gjennomfører salet.