Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:3009 (2024-2025)
Innlevert: 24.08.2025
Sendt: 26.08.2025
Besvart: 01.09.2025 av justis- og beredskapsminister Astri Aas-Hansen

Helge André Njåstad (FrP): Når setter regjeringen i gang utredning av nytt fengsel for Ålesund og kva kapasitet legg ein opp til?
i Stortingsmelding: Straff som virker – straffegjennomføring for et tryggere Norge står det at regjeringen vil Utrede etablering av nytt fengsel i Ålesund-området.
Eg besøkte dagens Ålesund fengsel denne veka saman med ordførar Håkon Lykkebø Strand og fekk der verkelig sjå behov for nytt fengsel med betre fasiliteter for innsatte og ansatte.
Både kommune, regionråd og sjølvsagt fengselet sjølv er utolmodig etter å koma vidare med planleggingen.

Astri Aas-Hansen: Det er eit stort vedlikehaldsetterslep i kriminalomsorga, med fleire gamle fengsel som er lite eigna for ei forsvarleg kriminalomsorg. Det er behov for å betre kapasiteten, også når det gjeld tilstanden i enkelte fengsel.
Det er allereie fleire pågåande fengselsprosjekt, og på grunn av ressurssituasjonen i kriminalomsorga er det avgrensa kor mange fengselsprosjekt som kan setjast i gang samstundes. Arbeidarpartiregjeringa har bestemt å setje i gang ei utgreiing av eit nytt fengsel i 2025, som erstatning for fengselet i Ålesund. Kva kapasitet ein legg opp til i eit nytt fengsel vil avgjerast på eit seinare tidspunkt, når prosjektet er satt i gong.