Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:3070 (2024-2025) Innlevert: 01.09.2025 Sendt: 02.09.2025 Besvart: 09.09.2025 av forsvarsminister Tore Onshuus Sandvik
Ingrid Fiskaa (SV): Regjeringa annonserte nyleg at dei har landa på britiske BAE Systems i val av nye fregattar, der ein israelsk underleverandør skal levera teknologi for elektronisk krigføring. Israel har ei av verdas største etterretningar, og det er kjent at dei til og med spionerer på USA. Det vil dermed vera risiko for at det kan tilflyta informasjon til Israel gjennom israelske komponentar i norske skip. Kan forsvarsministeren garantera at Israel ikkje vil bruka utstyret levert til framtidige norske fregattar til å spionera på Noreg?
Tore Onshuus Sandvik: Straffelova forbyr ulovleg etterretningsverksemd mot Noreg og politiet og Forsvaret arbeider med å avdekkje forsøk på spionasje mot Noreg. Sjølv med målretta innsats er det ikkje mogleg å gi nokon absolutte garantiar for at andre statar ikkje vil drive spionasje mot Noreg i framtida. I dei fleste moderne våpensystema Noreg tek i bruk, vil det nødvendigvis vere komponentar og delar frå andre nasjonar. Det er ikkje mogleg å eliminere all risiko, men det blir gjennomført grundige mottakskontrollar og tryggleiksgodkjenning av nye system før dei blir tekne i operativ bruk av Forsvaret.