Sveinung Rotevatn (V): Når kjem forskrift om velferd for hundar i samband med avl ut på høyring, og kva er årsaka til forseinkinga?
Begrunnelse
Mattilsynet har i lang tid arbeidd med ei regulering av hundeavl med mål om å sikre avl som styrkjer helsa til hundar og bidreg til sunne hundar. Behovet for ei forskrift for regulering av hundeavl vart aktualisert av Høgsterett si avgjerd om å forby avl på ein hunderase, då dei meinte avlen over tid hadde vore i strid med dyrevelferdslova. Høgsterettsdommen har vist behovet for at avlsorganisasjonane har tydelege retningsliner for kva som er rett avl ut frå eit dyrevelferdsperspektiv. Forskrifta var venta i 2024, men er enno ikkje sendt ut på høyring. Målet med forskrifta er å sikre gode retningsliner for avlsorganisasjonane som tek vare på hundehelsa i avlsarbeidet. Dette er etterspurt frå dyrevelferdsorganisasjonane, veterinærforeininga og avlsorganisasjonane.