Skriftlig spørsmål fra Jenny Klinge (Sp) til fiskeri- og havministeren

Dokument nr. 15:3132 (2024-2025)
Innlevert: 15.09.2025
Sendt: 16.09.2025
Besvart: 23.09.2025 av fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss

Jenny Klinge (Sp)

Spørsmål

Jenny Klinge (Sp): Kven meiner statsråden hadde klagerett på Fiskeridirektoratet si handsaming av salet frå dåverande Aker Biomarine til American Industrial Partners av aksjar og fiskerirettar, og meiner statsråden at desse partane framleis kan påklage avgjerda?

Begrunnelse

I sitt svar på det skriftlege spørsmålet mitt av 4. september i saka, skriv statsråden at vedtaket om sal «vart ikkje påklaga, og departementet har såleis aldri fått saka på sitt bord til ordinær handsaming». Eg forstår svaret som at det finst partar som hadde klagerett på vedtaket og som førebels ikkje har nytta denne. Om så er tilfellet er det viktig at statsråden avklarer kven dette er og om ein klagerett framleis er gjeldande.

Marianne Sivertsen Næss (A)

Svar

Marianne Sivertsen Næss: Kven som har klagerett er regulert i forvaltningslova § 28: «Enkeltvedtak kan påklages av en part eller annen med rettslig klageinteresse i saken.» I saka om eigarendringar er det Aker BioMarine Antarctic AS (nå Aker Qrill AS) som har klagerett som part.
Om det er andre i saka som har klagerett i kraft av å ha rettsleg klageinteresse utan å vere part, har ikkje departementet vurdert. Dersom det er aktørar som meiner eller lurar på om dei har rettsleg klageinteresse i ei sak utan å vere part, har dei høve til å be forvaltningsorganet som har gjort vedtaket (Fiskeridirektoratet i saka om eigarendringar) om å ta stilling til dette.
I saka om eigarendringar i Aker BioMarine Antarctic AS har spørsmålet om rettsleg klageinteresse likevel ikkje lenger praktisk interesse, då fristane for klagehandsaming har løpt ut. Eg viser her til forvaltningslova § 31 siste ledd: «Klagen kan ikke tas under behandling som klagesak dersom det er gått mer enn ett år siden vedtaket ble truffet.» Eg viser vidare til forvaltningslova § 29 andre ledd andre punktum: «Ved vedtak som går ut på å tilstå noen en rettighet, skal klagefristen for andre likevel senest løpe ut når det er gått 3 måneder fra det tidspunkt vedtaket ble truffet.» Departementet legg til grunn at aktørar i fiskerinæringa har relevant kunnskap om dette regelverket.
I den aktuelle saka om eigarendringar har departementet som kjent likevel på eige initiativ valt å sjå nærare på saka og har i den samanheng hatt møte både med parten Aker BioMarine Antarctic AS og med ein annan krillaktør, Rimfrost AS.