Skriftlig spørsmål fra Sigbjørn Gjelsvik (Sp) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:3170 (2024-2025)
Innlevert: 21.09.2025
Sendt: 22.09.2025
Til behandling

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Spørsmål

Sigbjørn Gjelsvik (Sp): Korleis meiner statsråden ei eventuell implementering av EU si avskogingsforordning (EU 2023/1115) står seg i høve Grunnlova § 97 som sler fast at inga lov må gjevast tilbakeverkande kraft, sett i lys av at forordninga inneber ei begrensning i handel med varer regulert av EØS-avtala (skinn, lær og andre avleidde produkt) basert på produksjon på lovleg avskoga områder i perioden etter 31.12.2020, når vil Stortinget bli førelagt ei sak om implementering av avskogingsforordninga og kva for vurderingar knytt til Grl. §97 vil gjerast?

Begrunnelse

Grunnlova § 97 slår fast at ingen lov må gjevast tilbakeverkande kraft. Dette er eit fundamentalt prinsipp i rettssystemet vårt, og skal verna folk og næringsliv mot uforutseielege og urimelege inngrep i allereie etablerte rettsforhold. Det handlar om rettstryggleik, tillit til styresmaktene og føreseielegheit i lovgivinga. Paragrafen gjeld ikkje kun lover, men også forskrifter og skattevedtak.

EU si avskogingsforordning (EU 2023/1115) artikkel 2 (13) (a) definerer avskogingsfri som at dei relevante produkta inneheld, er blitt fôra med eller er blitt framstilte ved bruk av relevante råvarer produserte på areal som ikkje har vore utsette for avskoging etter den 31. desember 2020. Når norske bønder har lagt om skog til beitemark etter 31. desember 2020, har dei gjort det i god tru om at dei kan omsetja heile dyret, inkludert avleidde produkt som lær eller skinn. Folk som har klargjort beitemark i denne perioden, har gjort det under eit regelverk som ikkje inneheldt slike forpliktingar, og dei kunne ikkje med rimeleg grunn føresjå at tiltak i denne perioden i ettertid ville bli ramma av forbod i omsetjinga. Ei innskrenking i næringsfridomen i ettertid rokkar ved grunnleggjande forventningar og tilliten til rettssystemet.

Det er ikkje tilstrekkeleg at føremåla er gode, for òg miljøtiltak må skje innanfor rammene av Grunnlova. Difor bør det svarast klart på korleis denne forordninga vert vurdert opp mot Grunnlova § 97, og kva utgreiingar som vert gjort og lagt fram for Stortinget.

I ei melding lagt ut på regjeringa sine nettsider i juni d.å. heiter det at "Stortingets samtykke til innlemmelse av forordningen i EØS-avtalen vil være nødvendig. Regjeringen vil tilstrebe at dette skjer så raskt som mulig."

Svar

Svaret er ennå ikke tilgjengelig