Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren leggje fram ein grundig prosjektstatus og bekreftelse for RV 15 Strynefjellet med arm til Geiranger som ivaretar Stortinget sitt klare vedtak og bestilling, der samferdselsministeren bekreftar at prosjektet skal settast igang bygging i fyrste 6 års perioden av NTP?
Begrunnelse
Ved behandlinga av Nasjonal Transportplan, vart ein del prosjekt spesifikk vedteke av eit fleirtal i Stortinget med eigne romertalls vedtak, slik som til dømes RV 15 Strynefjellet med arm til Geiranger som skulle flyttast fram til oppstart bygging i fyrste 6 års perioden.
Dette prosjektet ligg no inne på Statens vegvesen sin handlingsplan og er sett igang planlegging og prosjektering.
Derimot har det kome urovekkandes meldingar frå prosjektleiinga som meire eller mindre framstår som eit "utsettingsoppdrag" der det ikkje akkurat lyser stor vilje for å kunne sørge for styringsfart i planlegging, prosjektering og bygging av dette svært viktige eksportvegprosjektet.
Dessverre er erfaringa frå denne prosjektleiinga i Statens vegvesen som har fått ansvaret for RV 15 Strynefjellet med arm til Geiranger, ikkje akkurat positiv.
Med eit så klart vedtak for dette prosjektet frå Stortinget, vert det forventa at prosjektet SKAL ha sin oppstart i den fyrste 6 års perioden av planen, og all trenering av dette vedtaket vil ikkje bli akseptert.
Prosjektet er slett ikkje komplisert, med kurante fjelltunellar som verken er vanskelig å planlegge, prosjektere eller å sette i gang bygginga av.