Ingrid Fiskaa (SV): UDI har nekta visum til 15 palestinske studentar som er tatt opp ved Universitetet i Stavanger. Visumnekten har også råka andre institusjonar, som dermed har sett seg nøydd til å slutta med utveksling av studentar og tilsette. Slik utveksling er avgjerande for å kunna bidra til kunnskap og kompetansebygging i Palestina. Vil regjeringa sørga for at UDI viser betre skjøn i vurderinga av visumsøknader?
Begrunnelse
Dei siste ti åra har Universitetet i Stavanger (UiS) samarbeidd med An-Najah National University (An-Najah) i Nablus, Palestina. Samarbeidet bygger på venskapsavtalen mellom Stavanger by og Nablus, og har omfatta utveksling av studentar og tilsette innafor ramma av Erasmus+ Global Mobilitet. Ei rekke fagområde er omfatta av samarbeidet, mellom anna kultur og språk, lærarutdanningar og sjukepleieutdanning.
I vår- og haustsemestera 2025 tok UiS opp til saman 15 studentar til eit emne i drama- og teaterkommunikasjon. På søknad til UDI om studieløyve fekk alle dei 15 studentane avslag. Grunngjevinga frå UDI var at studentane ikkje hadde tett nok tilknyting til heimlandet, og at dette medfører stor risiko for at dei vel å ikkje dra tilbake etter endt studieopphald.
Situasjonen med visumnekt er ikkje eineståande for UiS, men har og råka institusjonar som Universitet i Agder (UiS), Universitetet i Tromsø (UiT) og Universitet i Bergen (UiB). Ved UiT og UiB har ein sett seg nøydd til å slutte med denne type utveksling, etter ein serie forsøk som har stranda på grunn av visumnekt for palestinske studentar. Meir fleksibilitet og betre skjøn i UDI sine vurderingar av visumsøknadar er avgjerande for at utdanningsinstitusjonar skal kunna oppfylla forpliktingane sine overfor Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse, Kunnskapsdepartementet og EU-programmet Erasmus+ Global mobilitet. For å kunna bidra til kunnskap og kompetansebygging i Palestina, er det avgjerande for begge partar i samarbeidet at utvekslinga av studentar og tilsette kan halda fram.
UiS har det siste året arbeidd spesielt tett med An-Najah for å førebu studentane på opphaldet i Noreg, og kva for forventningar og plikter dette inneber, ikkje minst med tanke på å retur etter endt opphald. An-Najah tek problemstillinga på alvor, og har sett i verk tiltak på eiga hand for å demma opp.
Gjennom åra har så godt som alle studentar på utveksling frå An-Najah returnert etter studieopphaldet i Noreg, og bidratt til kompetansebygging og viktige samfunnsoppdrag innan skule, kultur og samfunnsliv i Palestina. Om me tek frå dei ei slik moglegheit, vil det ikkje berre ramma den enkelte studenten, men i tillegg gjera skade på potensialet i palestinsk samfunnsbygging.