Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:64 (2025-2026)
Innlevert: 09.10.2025
Sendt: 13.10.2025
Besvart: 17.10.2025 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselministeren leggje fram ei oversikt over antall ulykker på E-39 i strekninga Solevågseidet- til Moa dei 10 siste åra, spesifisert for type ulykker, alvorlige ulykker og ant døde i slike ulykker?

Begrunnelse

E-39 Solevågseidet-Blindheim til Moa i Møre og Romsdal er ein av landets verste vegstrekningar med tanke på alvorlige ulykker og dødsulykker.

Trafikktala spesielt gjennom Blindheimstunellen er langt over 20000 bilar i døgnet og er av landets mest traffikerte ett løps tunellar på våre vegar.

Samferdselsministeren har i mange samanhengar uttalt at det er eit mål for regjeringa å få ned tallet på hardt skadde og drepte i trafikken, då må det også være god grunn til at denne vegstreknnga faktisk blir løfta opp, prioitert og gjort noko med.

- Rett og slett for å redde liv.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Dei ti siste åra er det registrert 25 politirapporterte personskadeulykker på E39 på strekninga Solavågeide - Blindheimtunnelen - Moa. Det har vore 4 drepne, 4 hardt skadde og 34 lettare skadde i desse ulykkene. 10 av ulykkene var påkøyring bakfrå, 7 var møteulykker, 4 var kryssulykker, medan det var 3 utforkøyringar og ei anna ulykke.
Det blir for tida etablert to punkt-ATK (automatisk trafikkontroll) på strekninga, eitt i kvar retning. Det eine er inne i Blindheimtunnelen og den andre er like utanfor. ATK gir god effekt på trafikktryggleiken. Evaluering viser ein reduksjon i antal drepne og hardt skadde rundt ATK-punkt med om lag 50 prosent.