Skriftlig spørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til helse- og omsorgsministeren

Dokument nr. 15:79 (2025-2026)
Innlevert: 10.10.2025
Sendt: 13.10.2025
Besvart: 20.10.2025 av helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Kan statsråden sikre at paseintar i Voss og tilhøyrande områder ikkje misser sitt tilbod om avtalespesialist innan augefaget, og kan statsråden gjere greie for utviklinga i bruk av avtalespesialister i Helse Vest, kor dei er plassert geografisk og fordelt på ulike spesialitetar, og kva som er planane framover, inkludert på Voss?

Begrunnelse

4500 pasentar kan bli tvungen frå Voss til Begen om alt av augelegetenester skal samlast i Bergensområdet. På Voss har noverande avtalespesialist i auge lenge ytra ønske om å kunne gjere praksis om til ein to- lege praksis og slik lettare få nokon til å overta. Dette har vore kjent i over 6 år, men likevel så klarar ikkje det regionale helseføretaket å få til gode ordningar som gjer det attraktivt for unge å ta over. Det er ein kjent kritikk at avtalespesialistordninga er for sentralisert, noko som kan verke mot delar av intensjonen med ordninga som er å få spesialistar ut nærare der folk bur. Om avtalespesialisten på Voss ikje blir erstatta, eller erstatta med ein heimel til dømes i Bergen, vil det vere ei stor og uhensiktsmessig sentralisering av tilbodet. Det vil særleg gå ut over barn, unge og eldre som treng slike helsetenester mest, men som også har mest bruk for tenester nær seg.

Jan Christian Vestre (A)

Svar

Jan Christian Vestre: Representanten Toppe spør om statsråden kan sikre at pasienter i Voss-området ikke mister sin avtalespesialist i øyesykdommer, og sier i sin begrunnelse at Helse Vest RHF i seks år har vært kjent til situasjonen, men ikke har klart å få til gode ordninger som gjør det attraktivt for unge å ta over.
Jeg er enig med representanten i vi må unngå sentralisering av avtalespesialistordningen. Avtalespesialister er en viktig spesialisthelsetjeneste utenfor de største byene, også på steder der det ikke er sykehus. De regionale helseforetakene har ansvar for å tilstrebe at avtalepraksisordningen så langt som mulig har en slik profil.

Når det gjelder øyelegehjemmelen i Voss, er mitt inntrykk at Helse Vest RHF tar dette ansvaret alvorlig, og jeg velger å referere informasjonen departementet har mottatt fra Helse Vest i sin helhet:
«Det er sterkt ønskjeleg for både Helse Vest RHF og det lokale helseføretaket (Helse Bergen HF) å oppretthalde augelegetilbodet på Voss. Det er ikkje ønskeleg verken for Helse Vest RHF eller Helse Bergen HF at alle pasientane som sokner til Voss skal måtte reise inn til Bergen for å få tilgang til augelege.

Vi registrerer dessverre at det ikkje alltid er søkjarar til avtaleheimlar som blir ledige. Dette er ikkje unikt for denne heimelen, eksempelvis var det ingen søkjarar til avtaleheimel for augelege på Stord, avtaleheimel for gynekolog i Egersund, eller avtaleheimel for psykologspesialist i Førde. I nokre tilfelle er det heller ikkje søkjar(ar) til ledige avtaleheimlar i Bergen. Augelegen på Voss har tidlegare ytra ønskje om å få inn ein junior, det vil seie ein yngre kollega i praksisen, med verknad frå 01.04.2026.

På den bakgrunn blei det første gong lyst ut ledig 50 % avtaleheimel for spesialist i augesjukdomar på Voss i februar 2025. Vi fekk ingen søknader. Det blei derfor lyst ut ein andre gong i mars 2025. Denne gong også utan positivt resultat. Helse Vest RHF var deretter i dialog med augelegen på Voss om ei mellombels løysing med å forsøke og rekruttere vikar(ar). Forsøket blei ikkje satt ut i livet.

Den ledige avtaleheimelen etter augelegen på Voss blei på ny lyst ut i september 2025. Denne gong er det opna opp for at påtroppande augelege kan få utføre kataraktkirurgi i avtalepraksisen. Helse Vest RHF meiner at det er behov for økt kapasitet for katarakt-kirurgi i regionen og har håp om at dette kan gjere det meir attraktivt for potensielle augelegar å søke på denne heimelen. Helse Vest RHF har hatt positive erfaringar med dette tidlegare, blant anna i Sogn og Ølen.

Helse Vest RHF har vore i kontakt med Helse Bergen HF fleire gonger for å diskutere korleis ein kan oppretthalde tilbodet om augelegetenester på Voss. Det er ønskeleg både å oppretthalde, og utvide, augelegetilbodet på Voss. Både for pasientane og samfunnsøkonomisk er det ikkje tvil om at dette er den beste løysinga. Dersom vi no lykkast med å få på plass ein ny avtalespesialist på Voss, vil vi i ettertid vurdere korleis dette tilbodet kan vidareutviklast, til dømes med fleire avtaleheimlar eller tettare samarbeid med Helse Bergen HF om andre tilbod innan fagfeltet.

Dersom vi ikkje skulle lykkast å få på plass ny avtalespesialist, må Helse Vest RHF igjen gå i dialog med helseføretaket for å sjå på alternativ for å kunne yte augelegetenester til befolkninga på Voss og omkringliggande område. Eit alternativ kan kanskje være at tilsette augelegar i Helse Bergen reiser til Voss sjukehus.

På eit overordna nivå vil Helse Vest RHF utarbeide ein regional plan som sikrar ein bærekraftig, fleksibel og pasientorientert avtalespesialistordning. Arbeidet skal være ferdig i løpet av første halvår 2026. Sentrale tema vil mellom anna være rekruttering og auke i kapasitet basert på framtidige behov.

Helse Vest RHF har altså lyst ut ledig avtaleheiemel for augelege på Voss tre gonger. Fristen for å søkje ved tredje gongs utlysing går ut 27. oktober. Vi har førebels ikkje registrert nokon søknader. Helse Vest RHF er sterkt opptatt av å oppretthalde tilgangen til spesialisthelsetenester i heile regionen. Vi ser dessverre at det ikkje alltid er interesse blant fagfolk til å drive privat praksis i distrikta.

Tal på årsverk for avtalespesialistar har låge ganske stabilt over lang tid i Helse Vest. Over tid har det har blitt nokon færre avtalespesialistar, men tal på årsverk har låge relativt stabilt. Fleire deltids avtaleheimlar er slått saman til fulltids avtaleheimlar. Som nemnt ovanfor opplever vi dessverre av og til at vi ikkje får søkjarar til ledige avtaleheimlar. Vi har ikkje ei detaljert oversikt over korleis dette har utvikla seg over tid for dei ulike fagområda, men det ligg til ei kvar tid ei oversikt over kva avtalespesialister som har avtale med Helse Vest RHF her: https://www.helse-vest.no/behandlingsstader/avtalar-med-private/avtalespesialistar/»