Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren leggje fram kva berekna statlige kostnadar/overføringar eit slikt nytt ferjesamband ville kunne fått i ferjenøkkelen og overføringane til dei to fylka, og korleis dei to fylka kan gå fram for å kunne søke på dette?
Begrunnelse
Eit ferjesamband frå Hitra til Aure er sterkt ønska av både Møre og Romsdal Fylke men også frå Trøndelag.
Pr i dag finnes kun ein veg ut av Hitraområdet, som daglig frakter ekstremt store mengder laks ut til marknadane i heile verden, og dette området er svært sårbart med tanke på ei ulykke i dette einaste sambandet der.
I tillegg er det stor næringstrafikk mellom Hitra området og Nordmøre, som ved eit nytt ferjesamband ville fått ekstremt stor nytte av dette, og spart svært lang omkøyringsveg samt ikkje minst tid og risiko på ellers smale og dårlige vegar.