Stig Even Lillestøl (FrP): Helse Førde står i ein kritisk og akutt økonomisk krise, som vil føre til vesentlege kutt i tilboda hos sjukehuset i Nordfjord og Lærdal dersom ikkje politikarar grip inn.
Kva vil statsråden gjere for å sikre dagens sjukehustilbod i Sogn og Fjordane og forhindre nedbygging av lokalsjukehusa?
Begrunnelse
Nylig gikk Helse Førde vidare med eit forslag om å kutte i tilboda ved Nordfjord og Lærdal sjukehus, og begrunna beslutninga med at helseforetaket står overfor eit underskot på 150 millionar kroner. Dei foreslåtte kutta vil medføre at pasientar og foreldre må legge ut på lange reiser, som betyr ein betydeleg auke i persontransport langs vegnettet vårt. Vi risikerer dessutan forvitring av fagmiljø, og at vi kjem inn på eit spor som over tid kan truge lokalsjukehus i sin heilskap.