Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:150 (2025-2026)
Innlevert: 17.10.2025
Sendt: 17.10.2025
Besvart: 24.10.2025 av utviklingsminister Åsmund Aukrust

Ingrid Fiskaa (SV): Eg viser til statsrådens møte med Zambias president Hakainde Hichilema i juli, der tema var djupare samarbeid mellom landa. Som ledd i dette arbeidet, vil regjeringa ta initiativ til å gjenopna ambassaden i Lusaka slik Zambia ønskjer?

Åsmund Aukrust: Den norske ambassaden i Lusaka vart stengd 1. juli 2016. Ansvaret for forholdet til Zambia blei samstundes lagt til ambassaden i Lilongwe. Denne beslutninga var del av ein samla gjennomgang av stasjonsstruktur og ressursbruk i utanrikstenesta med mål om meir effektiv prioritering av ressursar.
Regjeringen har per i dag ikkje planar om å gjenopne ambassaden i Lusaka. Relasjonane mellom Noreg og Zambia er gode både i bilaterale spørsmål og i multilateral samanheng. olk- Samarbeidet folk-til-folk er aktivt gjennom frivillige organisasjonar, det samme gjeld kontakten mellom universitet og høgskular. Norsk næringsliv er engasjert innan fleire områder, mellom anna fornybar energi.
Norske interesser og norske borgarar som trenger bistand blir fulgt opp frå ambassaden i Lilongwe, med støtte av det honorære konsulatet i hovudstaden Lusaka. Denne løysinga gjev erfaringsmessig god dekning og naudsynt nærvær i lys av dei oppgåvene vi har i landet.