Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:193 (2025-2026)

Innlevert: 22.10.2025
Sendt: 22.10.2025
Rette vedkommende: Fiskeri- og havministeren
Besvart: 29.10.2025 av fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren forklare kvifor Ap snakka usant ang lovnaden om bygginga av Stad skipstunnelen, når dette prosjektet overhode ikkje har større prisøkning enn andre samferdselsprosjekt ellers i landet, og betyr dette at Ap og Støre har tenkt å skrote alle andre samferdselsprosjekt som har tilsvarande prisaukar?

Begrunnelse

Samferdselministeren ber om unnskyldning for dei usannheitene som Ap kom med i valgkampen.
Usannheiter og lovnadar som slett ikkje har halde seg oppe, slik som til dømes lovnaden og utlysing på anbod bygging av Stad skipstunnelen, spesielt lova av Ap-representanter i regionen, eit prosjekt som Ap altså skrota etter valget.
Enkelte medier og ansvarlige redaktørar i "osloaviser" har også kasta seg på eit hylekor i kritikk av Stad skipstunnelen, og er rysta over prisauken i dette prosjektet. Det samme "hylekoret" frå den kanten var rimeleg fraværende i til dømes Follobanen, som gjekk frå 8 milliard kr som var veldig dyrt til no ca. 38 milliard kr som sikkert heller ikkje er den endeleige sluttsummen. For ikkje å snakke om jernbaneutbygginga i og ikring Moss, som åpenbart har sine utfordringer som skal bli interessant å få den endelige prislappen på.
Det høyrer med til histiorien at mykje av prisdrivingen innan samferdsel skuldas kravet om vekting av miljø på 30 % samt kravet om nullutslipps maskiner, som ifølge rapport frå MEF vil påføre voldsomme prisaukar og kraftig kostnadsvekst. Med andre ord, Ap i praksis.

Marianne Sivertsen Næss (A)

Svar

Marianne Sivertsen Næss: I arbeidet med Stad skipstunnel har regjeringa følgt opp vedtaket frå Stortinget, der det blei gitt fullmakt til at prosjektet kan gjennomførast innanfor ei prisjustert kostnadsramme på 5 330 millionar kroner.
Regjeringa har no lagt fram saka for ny behandling i Stortinget som følgje av dei store kostnadsaukingane i prosjektet. Dette er i tråd med kva som tidlegare er varsla til Stortinget. I Prop. 1 S (2024-2025) for Nærings- og fiskeridepartementet blei det vist til at regjeringa ville kome tilbake til Stortinget dersom det ikkje kom inn pristilbod som låg innanfor den vedtatte kostnadsramma. Der blei det òg opplyst om at den prisjusterte kostnadsramma som Stortinget har vedtatt, var lågare enn det som kom fram frå den på det tidspunktet oppdaterte kostnads- og usikkerheitsanalysen som Kystverket hadde fått utarbeida.
Kystverket lyste ut anbodskonkurransen for Stad skipstunnel 1. desember 2024, med atterhald om gjennomføring dersom det ikkje blei levert tilbod innanfor den vedtatte kostnadsramma for prosjektet. Det er levert tre tilbod som alle ligg betydeleg over den prisjusterte kostnadsramma på 5 330 millionar kroner. I Prop. 1 S (2025-2026) er det vist til at Kystverket vurderer at kostnadsramma må oppjusterast til 9 430 millionar kroner, dersom prosjektet skal vidareførast innanfor realistiske budsjettrammer.
Regjeringa vurderer at det ikkje lenger er realistisk å gjennomføre prosjektet innanfor den vedtatte kostnadsramma, og kan heller ikkje sjå at nytten av prosjektet kan forsvare dei høge kostnadane. I Prop. 1 S (2025-2026) er det difor foreslått å avslutte arbeida med Stad skipstunnel. Regjeringa er like fullt opptatt av at Vestlandet skal ha god transportinfrastruktur, og stans av Stad skipstunnel vil kunne gi økt handlingsrom til å igangsette andre prosjekt som i langt større grad vil bidra til tryggleik og framkome.
For å følgje opp vedtaket om Stad skipstunnel frå trontaledebatten, har eg bedt Kystverket om å gjenoppta og ferdigstille forhandlingane med tilbydarane samt arbeide vidare for å finne kostnadsreduserande tiltak.
Eg tar sikte på at resultata av forhandlingane og arbeidet med å finne ytterlegare kostnadsreduserande tiltak kan leggjast fram for Stortinget så snart som mogleg, men tidlegast i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2026.