Ingrid Fiskaa (SV): Kva er grunngivinga for regjeringas skambod på 8G som kompensasjon til oljepionerane?
Begrunnelse
Regjeringa har vist til at ho følgjer opp Stortingets vedtak om å legga fram ei særskilt kompensasjonsordning for oljepionerane, og at arbeidet bygger på Oljepionerkommisjonens rapport, NOU 2022:19. Men det er ingen klare referansar til 8G i denne utgreiinga. Derimot blir 65G omtalt som referanse for endeleg kompensasjon, og dette var også nivået som blei lagt til grunn for oppgjeret til nordsjødykkarane.
Oljepionerane var ei gruppe arbeidstakarar som gjennom arbeidet sitt bidrog til å bygga opp norsk oljeindustri, men som i ettertid har fått store helseskadar. Det er derfor grunn til å stilla spørsmål ved kvifor regjeringa legg seg på eit kompensasjonsnivå som er svært mykje lågare enn både faglege vurderingar og tidlegare presedens skulle tilseia. Ein kompensasjon på 8G framstår som eit skambod og gir inntrykk av at staten ikkje anerkjenner det reelle ansvaret han har overfor denne gruppa.