Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:289 (2025-2026)

Innlevert: 29.10.2025
Sendt: 30.10.2025
Besvart: 04.11.2025 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Eg prøver igjen, kva er dagens berekning for kostnaden for bygginga av Voldatunnelen, etter oppdaterte kostnadar?

Begrunnelse

I prosjekt etter prosjekt blir det frå regjeringa lagt fram at det er store kostnadsaukar, og dette vart også brukt av regjeringa som argument for å skrote Stad skipstunnelen.
Eg stilte eit spørsmål om kva oppdaterte kostnadane no hadde blitt på prosjektet Voldatunnelen i Møre og Romsdal, dette svarar ikkje statsråden på, berre med tidligare anslag.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Eg viser til svar på spørsmål nr. 97 av 17. oktober 2025. I samband med grunnlaget til Nasjonal transportplan 2025–2036 blei det utarbeidd kostnadsanslag for E39 Volda–Furene hausten 2022. Anslaget viser ein kostnad (P50) på 2,2 mrd. 2024-kr og eit anslått bompengebidrag på 700 mill. 2024-kr. Det er ikkje gjennomført eit oppdatert kostnadsoverslag for prosjektet etter overslaga som ligg til grunn i Nasjonal transportplan 2025–2036.
I mai 2025 sende Statens vegvesen oppdaterte utrekningar av bompengepotensialet i prosjektet til Volda kommune. Utrekningane er gjorde på eit overordna nivå og er gjengjevne i svaret mitt på spørsmål nr. 97. Statens vegvesen vurderer i brevet at eit bompengebidrag på om lag 700 mill. 2024-kroner, med tilhøyrande takstnivå, vil vere rimeleg for prosjektet. Det er likevel lokalpolitiske styresmakter som til slutt skal vurdere kva som er eit akseptabelt bompengenivå i prosjektet, sett opp mot andre nytte- og kostnadsverknader av prosjektet og lokalpolitiske vurderingar.