Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:290 (2025-2026)
Innlevert: 30.10.2025
Sendt: 30.10.2025
Besvart: 06.11.2025 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren leggje fram kva reelle utbyggingsmidlar Nye Veier AS har årleg, trekt ifrå kostnadar til drift og vedlikehold, pr. år frå og med 2021 og fram til budsjett 2026?
Eksportvegen E-136 Ålesund til Bjorli er Møre og Romsdal sin viktigaste eksportveg, og har i over 30 år blitt prioritert på topp her i fylket.
Pr. i dag er strekninga Vestnes til Bjorli lagt til Nye Veier as, som har fått ansvaret for denne strekninga.
Strekninga frå Ålesund til Vestnes er ikkje prioritert og ligg til statens vegvesen sitt ansvar.
Nye Veier AS har no også fått ansvaret for vedlikehold og drifta av sine eigne veprosjekt.

Jon-Ivar Nygård: Nye Veier er eit statleg eid aksjeselskap som får tilført likviditet gjennom overføringar av statlege midlar over statsbudsjettet, samt tilgjengelege bompengemidlar frå dei strekningane selskapet til ein kvar tid har i utbygging.
I perioden 2021 til 2025 har selskapet gjennomført utbyggingsaktivitet for til saman 40,9 mrd. kr fordelt pr. år som følger (inkludert kostnadar til grunnerverv, og mva.):
2021: 8,0 mrd.
2022: 8,2 mrd.
2023: 10,0 mrd.
2024: 9,9 mrd.
2025: 4,9 mrd.
Eg gjer merksam på at tala for 2025 er pr. fyrste halvår. Selskapet har ikkje offentleggjort tal for årets to siste kvartal. Budsjett for 2026 er ikkje formelt godkjend i selskapet sitt styre, og kan derfor ikkje inkluderast i oversikta.