Frank Edvard Sve (FrP): Kan statsråden forklare kvifor tildelt fellingsløyve for jerv gitt av rovvilt nemnda, har blitt oppheva av direktoratet, når bestandsmålet for ant ynglingar ligg skyhøgt over vedteke bestandsmål, og tapa av sau til jerven er formidable i dette området, spesielt i Fjord og Stranda kommune, og kan statsråden forklare kvifor regjeringa har foreslått kutt i statsbudsjettet til konfliktdempande tiltak for beitenæringa opp mot rovdyr, i ein situasjon der beitenæringa nærmest er i ferd med å gje opp?
Begrunnelse
Rovdyrproblematikken er svært stor i delar av Møre og Romsdal, der tapstall for sau etter angrep frå jerven er svært store, spesielt i Sunnylvsbygda i Stranda kommune, men også i store delar av Fjord kommune.
I Fjord kommune er tapstalla for sau i 2024 omlag 60% av lammene . så langt i år er det registrert tap av sau og lam.
I Stranda kommune har det i Sunnylven vore store tap av sau til jerven i Sunnylven beitelag, så langt i år er der registrert 244 tap av sau til jerven, etter at 1605 dyr vart slept i marka. Alle desse i beiteprioriterte områder.
Midt inne i desse områda ligger verdsarvområdet, som blokkerer dette ytterligere, der Statsforvaltren og andre forvalter dette betydelig strengere enn det som faktisk vart lagt til grunn i innlemminga av Geirangerfjordområdet i UNESCO verdsarv. Geirangerfjordområdet fekk denne statusen ikkje på grunn av fjellområda og naturen, men kulturverdiane i Fjordområdet/fjellgårdane osv.
Bestandsmålet for jerv er etter rovdyrsforliket på 39 årlige jervekull. I 2025 var det påvist 51 jervekull og bestanden estimeres til å ligge på rundt 370 individer.
I forvaltningsområde 6 (Møre og Romsdal og Trøndelag) er det eit bestandsmål på 10 ynglinger. Status pr no er i snitt siste 3 åra som er berekningsgrunnlaget som skal brukast, bestanden på 14,7 ynglinger.
- Med andre ord, langt over bestandsmålet også her.
Rovdyrnemnda i region 6 ville gje1 fellingsløyve for jerv innafor jerveprioiterte områder, rett og slett fordi det er der dei beste beiteområda faktisk er og jerven herjer der fritt. Dett vart påklaga og Direktoratet inndrog dette løyvet, heilt uforståeleg.
Det er også problematisk å felle jerven i ordinære jakt, omtrent som å jakte på eit spøkelse, derfor blir kvotane sjelden tatt ut også i dei beiteprioriterte områda.
SNO burde i langt større grade enn praksisen i dag, kunne få ta ut løyva som vert gitt med helikopter ved sporsnø.
Å baserer felling av fellingsløyva for jerve kun med jakt, er regelrett ganglaust og heilt urealistisk.
Viser ellers til brev frå Fjord og Stranda kommune til departementet om saka.